Ei lita/stor jente - klar for bursdagsfest! |
Lillesøster har hatt sine 2-timers-natteshow i periodar sidan ho var nyfødd, men ho har liksom gjort opp for seg når ho har sovna fort om kvelden og sove lenge om morgonen. Denne helga har ho tatt føre seg av alle de tre punktene. I stadenfor å leggje seg tullar ho frå vi seier at vi skal gå på badet til klokka er over 21 på kvelden. 2 heile timar med styring, fram og tilbake, uttallige doturar, vatn, kos og eg veit ikkje kva. Så har ho sove i ein time før ho vokner igjen, og da har ho holdt det gåande til kl.01.00. Tre heile timar! Midt i helgefilmane vi har prøvd å sjå! Også har ho vokna kl.06.10 neste morgon og komt snikande opp i senga til oss. Det er lite søvn!
Smykket fikk ho i dåpsgåve av ei av tantene sine. |
Storebror - som eg har måtte vekke kvar dag sist veke, var oppe kl.06.30 både laurdag og søndag. Why? Vi er vanlegvis bortskjemte på søvn i helgene, så det er nok derfor vi synas denne helga har hatt forferdelige netter (men fantastiske dagar!), og vi er stuptrøtte og alt klar for neste helg. Eller er vi det?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!