I går var eg på seminar med nokon av de flottaste kulturpersonlegheitane og de øverste kunst - og kultursjefane i Bergen. Eg vart så enormt inspirert av mange av de; mellom anna festspeldirektør Anders Beyer (som alltid er ein fest å høyre på), av kunstnerisk leiar ved Transiteateret Tore Vagn Lid (ein av mine største inspirasjonskjelder - eg ser (nesten) på hans meiningar om teater som fasit) og forfatter Pedro Carmona Alvarez (han har eg ikkje høyrt på før, men håper eg får gjøre det igjen. I mellomtida skal eg lese nokon av bøkene hans.) Dette vart også mitt første møte med Karen Hindsbo som er nyansatt som sjef på KODE her i Bergen. Eg er spent på vegen ho vel å ta kunstmusea!
Vel heime var det matlaging; og lillesøster hadde med seg ei lita venninne heim frå barnehagen - kjempekoselig! Eg gjekk på styrketrening og fikk ein mental pause før kveldsKAOS og tidleg kveld med Den afrikanske farm som sengelektyre.
Kva pensel vil eg male med i dag? |
Og vips var det ny dag igjen :) :)
Eg anbefalar foresten å lese dette innlegget som Tore Vagn Lid hadde under Kulturrådets årskoferanse tidlegare i vinter. Eg var så heldig at eg var med på konferansen, og Vagn Lid hausta som vanleg lang trampeklapp for innlegget som kom i kjølevatnet av nytt kulturbudsjett. Ikkje det at lang applaus seier at det som ein applauderar er toppen; men i denne samanhengen var det nettopp det det var.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!