søndag 12. januar 2014

Ripsdraumgele

På seinsommaren plukka eg ein boks full av rips som eg rensa før eg la den i frysaren. Det har vist seg å vere ein god ting å gjøre - for no har eg hatt rips lett tilgjengelig i heile vinter! Vi er veldig glade i å ha rips i gele! Syrleg, frisk rips, NAM!
Hjelpes kor eg gledar meg til våren kjem! Bladene på ripsbuskene brukar å komme tidleg, så er det berre å vente i eit par tre månadar før ripsen er moden. I år håpar vi på å utvide bæravdelinga med både solbær, stikkelsbær og amerikanske blåbær. Vi har mykje brunsneglar i hagen, så det kan bli ei utfordring. Vi har kjøpt eit hus frå 1968, og hagen er sikkert like gammal. Sneglane spiser ikkje av det som alt er her, men de gongane eg har planta nye ting har de spist av det. Utanom rabarbraen da, heldigvis!:)

Kun eit par månadar igjen - så HAGELIV!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...