mandag 13. januar 2014

Starbucks og normalisering

Vi har fått Starbucks i Bergen, så etter danseforestillinga i går spaserte vi i sola frå Grieghallen til Kjøttbasaren der Starbucks har leigd lokale. Vi kjøpte lunch og svindyr kaffe og var veldig urbane. Vanlegvis brukar vi solfylte helgedager på å gå tur. Annleis er ok det også :)

Men kva fann eg på Starbucks?

Jo:

 Eg som NETT drakk ein kopp med Sweet'n Low, og lagde eit heilt blogginnlegg om Kathy og den eine pakka som eg hadde tatt vare på så lenge at eg ikkje kunne hugse når eg fikk tak i den! Og der ligger det altså, i eigen by, ei stor korg med fleire hundre slike poser! Hjelpes kor eksotisk med Sweet'n Low (her er eg dryppande ironisk)!
Så da er altså den lille skåla med stjålne (sukker)fjær oppdatert med enda fleire posar med kunstig søtningsmiddel anno 2001 (men no frå Bergen 2014, og vips var ikkje det så spanande lenger)!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...