onsdag 12. mars 2014

Manuelas muffins

Eg snubla over Manuelas Cupcakemix frå Mølleren i ei tilbodsvogn her ein dag, og røska med meg både muffins- og toppingmiks. På søndag miksa vi saman sjokolademuffins (røra smakte NAM!) og kvit sjokoladefrosting som vi kunne servere vennane når de kom på besøk. Storebror hjalp til heile vegen.

Huff så kjedelig det er med pulverpakke! Og når ein må mikse i smør, egg og fløyte i tillegg kan ein like gjerne bake alt frå botnen av! Noko eg også liker best å gjøre. Men muffinsane smakte forsåvidt godt de! Alle ungane likte de og åt, men to av fire barn skrapa av toppingen. Det eine barnet ville også at vi tok av den delen av muffinsen som hadde vore borti toppingen. Så den falt ikkje heilt i smak kan du seie. Våre to barn åt alt, men eg misstenker at det er fordi de hadde bestemt seg for at de skulle like det, for det gjekk ganske så treigt.
Vi likte ikkje toppingen så godt vi voksne heller. Konsistensen var veldig fin, men den smakte ikkje godt/ingenting. Vi pynta med fin-fin pynt som eg har hatt liggande så lenge at det var gått ut på dato. Når desse sukkerestoffgreiene går ut på dato veit du at du har hatt det liggande lenge! Kameraten til storebror sa "Mmm, pynten smakte best!"

Neste gong lagar eg med eigne oppskrifter :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...