|
I barnehagen jobbar de med "skrivedans" som skal hjelpe ungane å lettare skrive med jamne rørsler. |
I dag sov eg og ungane til nærmare 8 - det var godt! Storebror skulle på skulen i dag for å treffe helsesøster og skulelege for å gjennomføre 6-årskontroll. Etter at vi hadde levert lillesøster i barnehagen reiste vi på skulen der vi i ein heil time hadde samtale og undersøkelse med både helsesøster og lege. Skulelegen denne dagen var fastlegen min/vår, så det var ekstra kjekt! Storebror var litt sjenert til å begynne med, men de var veldig flinke, så han prata snart som ein foss og fortalte om fotball, barnehageorganisering, kven som var eldst av de eldste i barnehagen, Mallorca, mangelen på lause tenner og kor gammal "ein gammal" er.
Han er litt over gjennomsnittleg lang og ein god del under gjennomsnittleg tung. Men sidan han er frisk og fin er ikkje det noko de ville gjøre noko med - han har vore langt under vektstreken sidan han var fødd. Sprøyta han fikk i dag fikk han ikkje ein gong til å blunke, det var absolutt ingen problem!
|
Jobbe med alle fargane i skalaen! |
Hos legen hadde han fint syn, godt hjarte og tøylege bein. Legen poengterte også etterpå at han hadde lagt merke til at storebror satt i ro mens vi snakka, svarte skikkelig på alle spørsmål, og at han kunne ta imot ein beskjed og utføre den. Det var alle ting som var viktig i skulen, derfor var det tommel opp, storebror er skuleklar! Storebror skinte opp som ei sol og var supermegahappy! Mammaen er stolt og kry over den flotte snartskuleguten vår!
Vel tilbake i barnehagen fikk han alle til å samle seg rundt han slik at han fikk vise fram plasteret han fikk på sprøytestikket. Stor stas!
Godt å vite at han er skoleklar. Det var jenta mi også, jeg var derimot ikke fullt like klar... Men det gikk bra;D
SvarSlettHaha, det er sant - det var ingen som testa om mammaen var skuleklar ;)
SvarSlett