fredag 24. juni 2016

Bilkjøp og bilsalg

Innimellom når eg manøvrerer den lange bilen vår inne i trange parkeringshus lurer eg på kvifor i all verden vi har ein så stor bil. Vi er berre fire, og vi køyrer stort sett kun til og frå bhg/skule/jobb, og handling ein gong i veka. Ikkje har vi hytte på landet. Ikkje har vi ein gard. Og vi har ikkje tre store og lange ungdommar som trenger plass i baksetet.
Men så skal vi på skitur. Eller ein lang fjelltur. Eller køyre ut oppsamla glass og metall, eller poser med klær til UFF. Ta turen til Fretex med fleire kasser gamle leiker, kjøkkenutstyr og bøker. Eller så skal eg frakte eit PA-anlegg for jobben. Eller nokre reklamebannere for eit arrangement eg er ansvarleg for. Da er det nydleg med stor bil!
Eller etter ein tur på IKEA
No finnes det heldigvis mange bilar mellom Avensis og Mini - og det er mogleg å finne ein bil som er både stor nok og liten nok.
Gjerne ein bil med plass til å kle på seg i bagasjerommet.
 Den dagen mannen knakk foten var begge ungane på besøk hos venner, og da utnytta vi dagen til å prøvekøyre bilar. (Han knakk foten på fotballtrening på kvelden). Vi prøvde ein Nissan Qashqai og ein Opel Mokka. Vi likte begge, men mannen synas Mokkaen var for liten. Den Qashqaien vi prøvde var god på mange måtar, men var ein av de enklaste utgåvene av bilen - så det var litt som å køyre ein billig plastbil. Vi søkte vidare.

På dette tidspunktet begynte eg å bli litt trafikkfarlig. Frå å knapt nok registrere fargen på de andre bilane på vegen vart eg no veldig interessert i å følgje med på kva bilar som eksisterte, kva eg likte - og sjølvsagt kva den bilen eg synas var fin i 90 k/t heiter! Det er ikkje bra altså! Mest av alt har eg jo lyst på ein Tesla, det er den einaste bilen eg la merke til før dette "kjøp ny bil"-prosjektet starta. Men no såg eg med interesse på alt med fire hjul - trafikkfarleg med andre ord!

Vi prøvde også ein Subaru Forester, men der var som å sitte langt nedi ein gammal trakor! Not for me. No hadde jo mannen knekt foten, så det var eg som satt med einaste køyreløyve.

Ein bil som eg såg MASSE av, var Nissan Qashqai. Det er tett mellom denne biltypen på vegane! Den likte vi jo godt, og den ser fin ut, så etter kvart la vi inn nokre søk på finn.no. Så dukka det opp ein Qashqai i Stavanger. Toppmodell, lite køyrt og ein pris langt under det eg hadde satt som maks. I løpet av ein dag bestemte vi oss for å kjøpe den. Usett og ukøyrt.

Ei veke etter tok eg bussen ned for å hente det nye gliset vårt! Hahaha, mindre bil du liksom!!! Men for ein flott bil! Elsk på den! Eg kunne ha ramsa opp kva eg diggar med den nye bilen, men det er kanskje ikkje interessant. Eg er i alle fall SÅ fornøyd! Den er supergod å køyre og vi diggar alle de nye fancye duppedittane som fulgte med! Også er den ein del kortare enn Avensisen ;)
Plass til å skifte klær i bagasjerommet? Sjekk!
På måndagen etter at eg hadde henta bilen skreiv storebror om helga si på skulen:

Så da satt vi med to knallbra bilar! Mannen køyrte Avensisen på jobb med brukket fot takket vere cruicekontroll. Vi la den likevel fort ut (dagen etter at eg henta Qashqaien) til salgs. Vi hadde ein del interesserte, og faktisk folk som starta budrunder. Men så forsvant alle som dugg for solen iløpet av ein dag.

Bilprosessen tok mykje tid ei stund! Dette var første gong vi har kjøpt privat og det var masse å sette seg inn i. Dette kom sjølvsagt sterkt til uttrykk på jobb, og med det samme eg sa at vi hadde kjøpt ny bil var det ein kollega (ein som, i likhet med meg, er stor Toyotafan. Faktisk har vi to overtalt ein tredje kollega om å kjøpe Toyota da ho skulle ha ny bil for nokre år sidan.) som umiddelbart spurte kor mykje vi skulle ha for Avensisen. Etterkvart som dagane gjekk følgte han ofte opp og lurte på om den var solgt. Etter at de interesserte gav seg kom han inn på kontoret mitt og spurte om han kunne få prøvekøyre den heim ein dag. La kona prøve den. Putte inn to bilseter og to unger. Sjekke ut bagasjerommet!

Sjølvsagt!

Dagen etter stod begge de fine bilane mine ved kontoret og gliste. Og fem minutter etter hadde Avensisen fått ny familie! De var (sjølvsagt) strålande fornøyde med Avensisen og alle de fancy duppedittane som var i den (det er jo virkelig ein flott bil det også!). Skinnseter og automatgir var happy days - det var som å vere inni ei god drosje sa han; så denne ville de ha! Iløpet av ein halvtime var summen overført og kontrakt signert. Kjøper er fornøyd - og eg er veldig fornøyd med å framleis kunne sjå "gamlebilen" min kvar dag. Den er jo så fin! Flott var det også at eg nett hadde gått igjennom kjøpsprosessen; no var det kjent territorium å leie ein anna igjennom.

Og slik vart historia denne gongen. Kjøp og salg. Mannen har enda ikkje køyrt den nye bilen, men så snart gipsen er av og han er klar gler eg meg til han får tatt seg ein tur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...