onsdag 8. juni 2016

Skulejente


I desse dagar møter vi opp ved 1.trinn for å få vårt første møte med klassen til lillesøster og læraren hennes. Dette er like stort no som det var når storebror gjorde det for to år sidan, men samtidig litt meir kjent.
Lillesøster er klar som eit egg! Vi tuller med at vi skal smelle ho rett opp i 3.trinn til hausten saman med storebror! Ho kan lese og skrive, både med små og store bokstavar. Og ho kan konsentrere seg lenge om gongen. Eit godt skuleemne!

Til jul fikk ho ei oppgåvebok som ho har jobba masse i. Den er for 1. til 4.trinn, så det er ikkje alt ho klarer - men ho får til masse! Ikkje minst synas ho det er veldig gøy! Etter å ha sett storebror gjort lekser i to år er det endelig (snart) hennes tur å også ha ansvar på ettermiddagen! Vi ser fram til å ha to skulebarn i hus til hausten og håpar på å vere like heldig med lærar og klasse som det vi har vore med storebror!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...