lørdag 1. april 2023

Liv på (i) Mars

Det er i mars ein virkelig merker at våren er på veg! Vi benytta ein veldig kort time med ettermiddagssol i Musehagen på Sydnes for å vere med på eit, enn så lenge, hemmeleg oppdrag. Det var iskaldt, men på biletet ser det jo nærmast lunt ut!

Kjent motiv frå turvegen eit steinkast unna huset vårt.
Ein snø- og stormfull laurdag var brukte eg på årsmøte. Dette skulle fortsette dagen etter, men da hadde eg heldigvis andre planer. For det er jo ikkje gøyt med møte. Det er jo ikkje det.
Eg fikk raska til meg ein resteplass på heklekurs. Det vart ikkje noko vakkert eg kunne skryte av, men det vart tid til øving, og eg bruker det stakkarslege resultatet som bokmerke.
Korps er gøy! Nokon liker nok pausene best, men eg liker når de spelar og eg kan høyre på fine tonesamansettingar, få oppfriska notekunnskap og flire av det eg trur må vere den beste korpsdirigenten i Bergen. 
Konsert ein fredagskveld med eit band eg har fulgt gjennom jobben min sidan før de starta - om det er mogleg! For ein gjeng!
Vi var superheldige og fikk billetter til ei TV-innspeling av eit show vi har hatt lyst til å sjå, men ikkje hadde rukket. Når det vart ekstraforestilling for å spele det inn endra vi planer så vi kunne få det med oss - og det angra vi ikkje på!
Ein søndags morgon var vi badegjestar og konsertgjestar i ei deilig symbiose! I bassenget var det varmt, men i fjorden var det 7 grader og eg var uti den to gonger. Så deilig! Konserten var (også) nydelig! 
Ein ettermiddag på biblioteket for å høyre en panelsamtale om "Stormfulle høyder". Professor-prat gjer meg gode vibber frå universitetetsåra, og eg liker den lille tidsreisa.
Ein arbeidsdag som avsluttast i Grieghallen er alltid ein god arbeidsdag!
Toulouse har fått seg hule i stua, og er for søt til å bli utelatt frå mars-i-eit-nøtteskal.
Nokon i heimen fylte år og vart vekt med donut og lys.


mandag 6. mars 2023

Februarkarusell

Februar starta deilig - med overraskelsesbursdagsfest i heimen! Huset fullt av folk og god stemning! Det kan ikkje bli mykje betre! Det var berre å nyte viste det seg - da veka etter kom med tre positive covid-testar.


Det var berre å vente på at det gjekk over. Det hjelper å ha ein fluffete venn som held ein med selskap.
Kalenderen var full for månaden, og halvanna veke med sjukdom gjorde at eg eller vi gjekk glipp av fleire gøye ting vi hadde gleda oss til. Nokon billettar fikk vi gitt vekk; det er i det minste hyggelig!

Men når formen var tilbake var det berre å glede seg over byens tilbud! Her er eg på akttegning på KODE. To intense timar! Veldig gøy og faktisk vart teikningane betre etterkvart!
Eg prøvde meg på aeroyoga der vi hang i disse i to timar. Det var heilt nydelig og absolutt noko eg skal gjøre fleire gongar!
Ute var det vinter og sol som varma midt i fleisen!
Eg var med på symaskinkurs og sydde meg den søtaste lille posen! 
Denne vart eg så fornøyd med at den framleis står på utstilling i stua! For fin til å brukast!
Er ein frisk så er ein frisk. Ein stormfull ettermiddag besøkte eg Nordnes sjøbad for første gong - og bada i Puddefjorden når eg først var i badetøy. I fjorden var det visst minus 1.5 grader, men det var veldig godt og varmt i bassenget etterpå. Eg har bada ein del i kaldt vatn, men dette var noko litt anna; med varmt basseng like ved, så dette skal eg også gjøre igjen!
Etter ein sein kveld på byn møtte eg avlyste bussar heimover, og måtte ringe heim for å ordne meg skyss sjølv. Eg gjekk over Høyden for å letne hentinga, og musehagen var så roleg med snø og lys.
Ein fredagskveld i Grieghallen med filharmonien på scena. Deilig stemning, akkurat passe langt og - som alltid - flinke musikarar!

Svanesjøen avdeling Bergen (Lille Lungegårdsvannet). 
Ungane reiste på vinterferie og vi lagde vår eigen lille kinofestival etterfulgt av middag.
Tilbake i Grieghallen nokre dagar seinare og såg Michael McIntyre i ein fullsatt sal.
Februar vart avslutta med filmquiz og programslipp på USF Verftet. Dagen etter var vi på Cinemateket sin kinovisning, men akkurat denne kvelden tok vi det ansvaret det er å se til at ingen kjem på sisteplass i quiz.


fredag 3. februar 2023

Januarliv 2023

Årets første dag vart delvis brukt i skogen for å nyte snø, sol og frisk luft. Dagen etter var det ubarmhjertig pån igjen med jobb og etterkvart skule.

Sjølv om jula er over kan ein framleis kose seg. Juleblomster, nyttårsservietter og pepperkakehusrester.
Og spasertur gjennom morgontrøtte Bergen for å kjøpe kaffe i sesongkopp.
I eit år har eg gått jevnlig til massasje, og i januar toppa eg det heile med to behandlingar på ei veke; også skal eg bruke velværepenger på noko anna ei stund. Eg har likevel intensjon om å finne denne duftpinneoljetingen - for den lukter FANTASTISK (og minner meg om alle massasjene eg tok i 2022).
Det tømmast i julesnacksavdelingen. Akkompagnert med artige dagboknotater frå det engelske helsesystemet. 
Kakao og minimarshmallows - og tvungen yatzi sidan våre slitne hjerner ikkje kunne handtere fri. Det tar på å starte kvardagen etter ferier!
Publikumsprøve på DNS, etterfulgt av tårer på bussen heim fordi det var så brutalt og trist og leit alt som skjedde på scena. Og litt det at eg snakka med ei dame etterpå som sa ho kjente seg igjen, og det var for stort og for nært til at ein kunne snakke meir om det, midt bland mange andre folk.
Apropos trist - denne novellesamlinga er så god og så vondt at eg må posisjonere den ut så det ikkje blir overdose. Også er det fint at den varer litt lenger. 

Nokre kalde dager med sol og lys! Her illustrert med fuglane som pyntar opp utanfor huset vårt.
Også - ikkje lenge etter - grønt og frodig i skogbunnen der sola varmer.
Humordebatt på Litteraturhuset med fermentert te i glasset og nye innsikter.
Dette er jo berre lille Bergen, men her kan ein late som om ein er i ein skikkelig stor by. Fint er det i alle fall!
Hysterisk morsomt gjensyn med Raske Menn! Her skulle ein ha hatt teknologien som kunne lagra alle minnene i hovudet og delt de med andre. Klart det var nokon som filma heile showet, men eg har berre mitt eige minne - og dette biletet av gitaren som eg tok før de begynte. Ja - også har eg litt av bæsjesongen som eg sendte til ungane. :D 
Fredagskveld på DNS med deires store musikalforestilling. Greit nok, men ikkje så mykje meir.
Dagslystur i skogen saman med andre lysglade mennesker.
På veg til møte siste måndag i januar var lyset heilt magisk, og rett over Kvarteret er det ei stripe med regnbue!
Månaden vart avslutta med yoga i Domkirken, rett under ein av de store buene. Så deilig!


mandag 2. januar 2023

Desember 2/2

Snøen og kulden varte, og det var heilt nydleg ute! Toulouse vart noko begrensa i rundene sine, men lillesøster laga nokre stiar til han så han fikk bevegd seg vekk frå husveggen.

Årets pepperkakehus vart eit pepperkakehus med innlagt lys. Dette stod til 1.nyttårsdag og ligger i skrivande stund i biter i ei skål på kjøkkenet. Nam, nam!
Årets kortaste dag var juleferiedag for meg, og eg gjekk tur i skogen med livet som innsats. Sjå lyset i vest!
Lillesøster og eg gjekk på teater og kjøpte sjølvsagt teatersnop nummer 1 i pausa: SMIL!
Kulde og lys og tur kvar einaste dag.
Lille julafta var vi på badeland før vi luncha på Starbucks. Eg var innom biblioteket og plukka med meg nokre bøker eg bestilte i haust og som eg har vore på venteliste for.
Kvelden før kvelden på TV. Kakao med skikkelig krem, ost og kjeks, og nybakte julebrød, på menyen.
Sjølvaste julekvelden! Bordet fullt av snop og fullt av spanande pakker under treet!
Det blir iskaldt også i romjula, og ingenting er vel betre enn bålluksus inne!
Lesing, speling,  
romjulskonsert i stua til Edvard Grieg (FANTASTISK), 
snøvær (her frå hagen til Grieg), 
og turar er den korte og gode oppsummeringa av den siste veka i 2022. Takk for deg 2022! 

                                     Velkommen 2023!


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...