mandag 25. august 2014

Nymalt hus

Sidan vi hadde stillas oppe for takmannen bestemte vi oss raskt for å begynne å male huset. Det var på tide! Det vart (som alltid kanskje?) meir jobb enn vi trudde. Det tok lengre tid! Først vaska vi med kraftvask - og plutselig vart huset så fint og reint at vi lurte på om vi skulle gidde å male i det heile tatt! Men det måtte vi altså; kraftvask er kun for når huset skal bli malt! Vi venta eit døgn slik at alt var tørt, så spruta vi på sopp og algedrepemiddel på som også måtte tørke.


Også var det skraping. Dette tok oss heile fem ettermiddagar! Ikkje har vi stort hus (og havlparten er av mur som vi malte på nytt i fjor), og ikkje var det mykje som skulle skrapast! Men for kvar dag vi hadde skrapa så hadde malinga flassa seg enda meir opp neste dag. På eit tidspunkt måtte vi berre bestemme at det var nok skraping - vi vart heilt hekta! Draumde om skraping på natta og greier. Hjelpes!
Det var på tide med grunning på de områdene der vi hadde skrapa. Biletet over her er frå veggen bak huset - der ettermiddagssola står. Biletet under er frå framsida av huset - der vi har morgonsol. Stor forskjell!
Slik ser det ut med grunning. Som om vi har kleistra sølevatn på veggen. Oh well. Etter tørking begynte vi med strøk ein. Huset var frå før malt i ein type naturkvit - gultonekvitaktig farge. Heilt fin, men no hadde eg bestemt at eg ville ha kvitt hus. Dette var heilt og aleine min bestemmelse sidan mannen er fargeblind. Kvitt var tommel opp!
Kvitt er kvitt kanskje, men sjå forskjellen! Listene var frå før malt i ein mørk naturgrønn farge. Eg hadde jogga forbi eit kvitt gammalt Bergenshus med blå lister, og hadde falt heilt for den kombinasjonen! Derfor vart det blå lister på oss også! Vi valgte å male heile listene, ikkje berre den lille inne ved vindauget slik tidlegare huseigar hadde gjort det, samt verandadøra blå. Også på det eviglange rekkverket rundt verandaen vår valgte vi annleis - her mindre listefarge og meir husfarge.
Sola beveger seg rundt huset vårt. På sommaren, da vi malte, treffer den husveggen vår rundt kl.04:30, og forsvinner frå oss kl.22:30. Vi har ikkje malt i direkte sol, men har flytta oss rundt etterkvart. Rundt to dagar inn i malingsprosjektet var ungane litt leie av å aktivisere seg sjølve, så det vart mannen som tok det meste (om ikkje alt) av strøk to - samt de fleste vindauga. Ærast den som ærast skal!
Vi fikk takmannen vår til å skifte kledning. Den var alt behandla med sopp og algedrepemiddel, så her var det berre å hive på to strøk. Eg seier berre sidan mannen gjorde dette om kvelden medan eg var inne med ungane. Det var ikkje berre for han sidan vi no ikkje lenger hadde stillas, og han måtte balansere på stige.
Som sagt.
Og her har vi huset! Kvitt med blå lister. Vi var så glade da stillaset endelig forsvant! Huset var jo ferdigmalt lenge før, og vi fikk ikkje skikkelig sjå det før stillaset var vekke! Vi er så fornøyde! Sidan vi er tomannsbolig ser vår side knall ut medan den stakkars naboen sin gamle og like slitte husmaling som vi hadde før vi malte vår del ser verre ut. Velkommen til den "fine" delen av tomannsboligen! Vi har vore litt uenig med tanke på fargeval - så vi er spente på å sjå kva farge de vel. Rosa og spygrøn har vore oppe til lufting. Og eg tullar ikkje! Som sagt - vi er spente! :)

1 kommentar:

  1. Kjempefin kombinasjon med hvitt og blått! Kan tenke meg dere er spente på hvordan naboen maler, ja... :)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...