Litt småsnacks er viktig! |
fredag 1. juli 2016
Med ein kamerat på jobb
Storebror har hatt to flotte veker på sfo etter at skulen var ferdig før sommaren. Men i dag er det stengt, og vi har framleis ein dag igjen. Det ordnar vi lett! Han er med meg på jobb til lunch, også leverer eg han til mannen etter lunch. Vi er heldige som har jobbar som kan gjørast med ein assistent på slep, og barnevennlege kollegaer!
Lillesøster har den siste dagen i barnehagen i dag - noko sinne - så eg skal hente ho og for siste gong følge ho ut porten. Huff, eg kjenner eit stikk i magen berre ved tanken! Men først skal vi nyte siste arbeidsdag før ferie. Kjøpe god lunch og ha bonustid med storebror!
Etiketter:
barn,
jobb,
kvardagsliv,
utvikling
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!