torsdag 31. mai 2018

Arbeid - i rekordvarme

Denne veka har eg gått litt opp i trykkostnader. Det eg kan skrive ut av dokumenter, notater og planer blir nettopp det  - skrevet ut - også tusler eg ned til Lille Lungegårdsvann og sitter der i solsteiken og leser. Utekontor? Ja, takk!
Eg sitter litt ulike plasser. I dag valgte eg til og med å sette meg i skuggen - kva skjer?
Det er kanskje litt vanskelig å sjå, men her står det 40 grader. Bilen er VARM når eg setter meg inn like før kl.16:00. 40 har ikkje stått der tidlegare, så vidt eg veit. I Paris i fjor sommar stod det 39 på bilen nokon dagar. Så dette er ny rekord for meg å sjå! Bilen bør vere HOT, for de siste to vekene har vi spytta ut rundt 30.000 kr på doningen. Møkkabil!
Lunchmøte på Godt Brød! Ellers har eg luncha ute med medbrakt i ukesvis. All arbeidsrelatert aktivitet som kan bli tatt utendørs BLIR tatt utendørs. Synd det ikkje er meir enn det er.
Etter snart eit år i ny jobb har eg fått muligheter til å ta over eit nettopp påbegynt og veldig spanande prosjekt av ein kollega. For å ikkje drukne i arbeid skal eg no velgje vekk ei av arbeidsoppgåvene mine som ho skal "få" i bytte. Det viser seg å vere veldig vanskelig, eg har eit vist eigendomsforhold til alt eg gjør. Og de oppgåvene eg liker minst er ikkje mogleg for meg å delegere vidare. Hmm. Eg må nok ta meg nokon tanketurar i sola de neste vekene...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...