søndag 9. august 2015

Mosypakke

På nettsida Småbarnsforeldre las eg om Mosy. Det er ein slags forundringspakke som du får tilsendt i posten; og som inneheld ulike aktiviteter/produkter til foreldre og barn. Ein kan lese meir om Mosy på nettsidene deires.
Vi mottok juli-pakken - og eg var ganske spent da eg opna!
Inni pakken var det eit puslespel, ein pose med naturleg sunt snop, solbriller, leikesand og eit pappsett til å dekorere/sette saman/leike med.
Fine og små ting alle saman, men eg ser at mine unger er for store. Brillene er for små til de, og puslespel med 24 bitar er for lett. Snop, sand og pappleike er tipptopp, men dette er ein dyr pakke; så når ikkje fleire av produktene er betre passande blir dette litt utanfor det eg vel å bruke pengar på. Likevel gjer vi den ein ny sjanse, og ventar spent på augustpakken. Det er uansett gøy med ting som er annleis enn det som vi finner i de butikkane vi går i, eller annleis enn det eg ville kjøpt inn sjølv. Og sidan vi kjenner fleire småttiser går berre det som ikkje passar våre unger i gåveeska vår - så alt blir tatt i bruk likevel!

lørdag 8. august 2015

Danmarkferie

Sjølv har eg ikkje hatt Danmarksferie som barn, men mannen har hatt det heile tre gongar! Det var han og storebror som bestemte årets feriedestinasjon - Danmark og LEGOLAND!
Vi tok den  nye båtane som går mellom Bergen og Hirtshals. Det var finfint å køyre rett på båten, men det er ganske så dyrt - også går det innmari treigt nedover kysten! Båtane er fine, og sengene deilige; men det er lite å gjøre på. Ikkje det at ungane brydde seg om det; de var happy med det som var der. På den andre sida er båtane veldig oversiktlege!
Vel framme i Danmark tidleg på morgonen var det berre å prøve å finne nærmaste bensinstasjon som hadde kaffe før vi suste sørover mot Billund. Det går skremmande fort på vegane nedover, så etter ei stund valgte vi å køyre på vegar med 100 km/t for at eg ikkje skulle sitte med dødsangst heile vegen. Til tross for litt lengre reisetid enn vi trengte var vi framme på Legoland Holiday Village for tidleg til at vi kunne få nøkkel til hytta vår. Vi var i ekstase heile gjengen sidan vi kunne sjå litt av Legoland, og gleda oss masse til å besøke parken de to neste dagane. Eg lagar eit eige innlegg om parken :)
Det er gøy med anna mat, og denne bamseskinka var stilig! Lillesøster åt seg igjennom to pakkar med denne! På kjøpesenteret Lalandia som låg like ved hadde de ein ok matbutikk, og det var greit å ha det i gåavstand sidan Legoland ligger litt for seg sjølv.
Hytta vi leigde ved Legoland var stor og fin, og det var greit å kunne lage sin eigen mat. Raude pølser er eit must; vi serverte det i tomatsuppe den eine dagen. Varm mat var på sin plass, for det var iskald vind de dagane vi var i Billund, og vi fraus ganske masse.
Etter fire netter i hytta pakka vi ut og køyrte sørover til Haderselv der vi hadde leigd sommarhus i ei veke like ved Flovt Strand. Dette var langt frå all storby- og legolandmentalitet - midt blant store jorder! Heilt herleg! Sommarhuset var nydleg - eit eige innlegg om det kjem også :) Her fikk vi tatt oss nokre joggeturar på flatt underlag både eg og mannen; heilt nydleg å jogge langs utsikt som på biletet over! Jorder, strand og hav! Og ingen bakkar!
Etter ei nydleg veke på sommarhuset køyrte vi nordover mot Aalborg. Her køyrte vi innom det vi (og mange andre) trur er Danmark sitt høgaste punkt, Himmelbjerget. I følge internett er det Møllehøy med sine 170,6 moh. Himmelbjerget er kun 147 moh. Det var uansett verdt ein stopp i finværet!
Vi gjekk opp i tårnet som stod ferdig i 1891 og fikk flott utsikt! Vi vart her ved Himmelbjerget ei stund - det var fint laga til med plener, leikeplassar og kiosker. Og masse folk som slappa av over alt; supert!
Vi hadde to netter i Aalborg. Da vi skulle køyre oppover til Hirtshals igjen tok vi turen bortom vestkysten for å sjå på stranda der. Her var det Baywatchstyle! Vi køyrte nedpå stranda; det var skikkelig gøy! Kald vind, men etterkvart kledde ungane av seg og bada i bølgene!

Det var kjekt å sjå vestsida som har heilt anna type strand enn austkysten der vi var. Vi køyrte på båten på kvelden, så det var rett i seng. Da vi vokna neste morgon var vi alt komt forbi Stavanger - så heimturen verka mykje kortare! Vi flotta oss med frukostbuffet på båten; den var heilt super med stort utval av masse godt. Nokon hadde gløymt å dekke til brusautomaten, så storebror fikk hente seg eit glass brus til dessert - noko han kjem til å hugse lenge!
Vi var heldige å få plass framme på båten, så her satt vi i timane fram til vi var heime i Bergen. Eg og mannen las medan ungane leika med andre barn, såg film på leikerommet eller spelte på nettbrett/nintendo. Vi hadde lave skuldre og kvilepuls da vi kom fram til Bergen etter 15 dagar vekke. I Bergen regna det, men det gjorde eigentlig ingenting når vi kom heim med bil full av klær som måtte vaskast og ting som måtte på plass. Vi sitter igjen med mange gode minner frå Danmark, som til tross for masse vind faktisk gav oss masser av sol og bikiniskille :)

fredag 7. august 2015

Morgonkatt

Den første veka tilbake på jobb/sfo/barnehage har gått veldig bra, men likevel kjenner vi i dag at det er fint at det er fredag!
Kven luskar i graset?
Det hjalp sjølvsagt ikkje på dagsformen at Puste måtte på do i natt og stod utanfor soverommsdøra vår og mjaua igjen og igjen heilt til vi slapp ho ut. Eg vart så sint at eg ikkje klarte å sovne igjen før rett før klokka ringte - og da er ein trøtt da!
Ei masekråke av eit dyr
Med ein gong vi gløymer å stenge ho inne på kjøkkenet står ho og mjauer midt på natta, sjølv om ho har kattedo inne! I kveld blir det kjøkkenet eller ute! I need my sleep!
Men veheheheldig pen!

torsdag 6. august 2015

Lille bestemte ballerina

I sommar fikk lillesøster tilsendt ei gåve frå mormor og morfar som verkleg falt i smak! Den låg i posten da vi kom heim frå ferie, og etter det har det litt brukt masse! Ein fin gammalrosa kjole og to blomsterklemmer; lykke for ein pynteglad femåring!
På middag på Alexandra Hotell pynta vi oss alle saman, og lillesøster ville ha ballerinasveis. Her bruker ho den lille donut'ten, no er håret hennes så langt at vi kan bruke den store, men de gjer liksom ulike uttrykk.
Heilt herleg uansett med to så fine klemmer på!
I sommar har lillesøster vist ei litt anna side av seg sjølv; og det er ikkje spesielt sjarmerande! Innimellom er ho obstanasig og frekk, ho svarer tilbake med sur stemme når vi snakkar til ho og oppfører seg litt som ein premenstruell tenåring som på reint prinsipp er uenig med alt som blir sagt! Det har eigentlig blitt verst ved kveldsrutinene, de som tidlegare har gått på skinner, men som no er blitt ein maktkamp mellom oss og ho.
Hennes argumentasjon er den samme kvar kveld "EG VIL IKKJE LEGGE MEG! HYYYYYYL!" Det tar tid og det sliter oss heilt ut. Også er det veldig lite koselig å avslutte dagen på ein slik måte! Eg ser ikkje vekk frå at ho har tatt litt etter storebror som på sin side i sommar har dyrka setninga "Dere bestemmer ikke over meg". Heldigvis har de enda ikkje hatt slike perioder på samme tid, så no som vi jobbar litt med lillesøster er storebror fornuftig og roleg. Godt er det. Eg må berre hugse å putte inn sov-i-ro i øyrene før eg skal ha ho på badet i kveld!

onsdag 5. august 2015

Bursdagsfest for 5-åringen

Med bursdag midt i juli får lillesøster feire dagen sin jamnt over i halvanna månad - i alle fall vart det slik i år! Bursdagsfeiring med venner frå barnehagen hadde vi i juni før alle hadde reist på feire.
Godteposeinnhold
Vi inviterer gruppa i barnehagen som er like gammal som lillesøster, de er 9 i gruppa - heilt fint for ein barnebursdag. Vi inviterte også ei venninne som er nabo, og eit år eldre. Guter og jenter - alle får samme prinsessepose og Hello Kitty-puslespel; og så lang som eg såg var det ingen som reagerte på det. Eg vel alltid likt for barnegrupper; om det er jenter i storebror sin bursdag får de det samme som de andre. Vi trenger ikkje å lage forskjellar der det tydleg ikkje er nokon :)

I år solgte eg inn ei bursdagskake som eg har klipt ut frå eit blad for eit år sidan. Uglekake! Den såg ikkje så vanskelig ut, og var ganske så snedden! Utgangspunktet var sjokoladelangpannekake som ein deler i seks og stablar oppå kvarandre. Så skjærer ein ut ein slags snømannform og dekker heile med sjokoladekrem. Dette var eigentlig det vanskligaste, kaka smuldra veldig når eg prøvde å få på kremen.
Med masse pynt blir det meste suksess med 5-åringar!
Til forkle (eller kva det no enn er) kjøpte vi ferdig kvit glasur på tube. Den var hard å jobbe med, sjølv etter at vi hadde varma den litt opp. Men den vart jo fin nok, også har vi til å pynte pepperkakene med i desember :)
Og slik vart den til slutt - veldig skjønn! Øyrene er avkapp frå kaka; eg festa de med tannpirkere slik at de ikkje skulle dette av. Augene var oreos og non stop. Nebbet er også non stop. Vingene vart noko rosa snopegreier, men på oppskriftsbiletet var desse melkesjokoladehjarter. Begge deler blir fint :) Masse non stop og kakepynt på forkleet og rundt på kakefatet.
Vi serverte pølser med lompe eller brød etter lillesøster sitt ønske. Etter mat hadde vi gåveleik - flasketuten peiker på. Lillesøster fikk masse fine ting - særleg falt brettet med øyredobbklistermerker godt i smak! Alle fikk pynte seg med øyredobbar og ringar!
Ei lita stille stund.
Lysa satte vi på som krone på ugla. Ungane (og de voksne som var der) synas kaka var veldig morsom, og ikkje mindre artig da vi valgte å halshugge den etter at lysa var blåst ut. Den var jo som to kaker oppå kvarandre, og ungane stemte for å spise hovudet (huff). Dette var selskap ein av i alt fire etter kvarandre; så kaka varte til alle gjestane i alle selskapene. Til slutt serverte vi den med vaniljesaus til å ha oppå - tipp topp!
På dessertbordet hadde vi også snop, salte kjeks, minimarshmallows og druer. Vi lagde "heimelaga" softis med desse boksane de har i butikken. Dette likte ungane godt, og åt opp - men smelta veldig fort; så det vart meir som jordbærsaus enn noko anna.
Det var ok vær og varmt denne dagen, så ungane leika både ute og inne. Her er lillesøster med to av venninnene sine på rommet. Ho fikk sjølvsagt Frost-teiknebok; og fann fram fleire andre som ho jobbar med slik at alle kunne teikne på rommet hennes med de nye fargeblyantane ho fikk. Ho er så glad i slike bøker, og har jobba seg igjennom 4-5 frostbøker alt!
Etterkvart var det tid for snopeposer. Vi prøvde ein ny variant - tampen brenner. Eg er usikker på kor godt ungane kjente konseptet, men det gjekk seg til. Lillesøster var temperaturmålaren, så alle gjekk i tog bak ho.
Etter ein del forvirring og morsomme augeblikk nærma de seg målet - inni rododendronbuska var det veldig varmt!
Der fann de ein boks med posar i, og lillesøster sprang opp i "Oslo" (øverste delen av hagen vår) med 9 ungar hengande som eit slep bak seg - snopeposane skulle bli utlevert i teltet som vi hadde satt opp i hagen!
Tomannsteltet klarte fint å huse 10 unger, men de fleste kom fort ut igjen med ein snopepose i hendene! Litt hopping på trampolina, så var festen over. Det kjekke var at foreldra som henta hadde god tid, så huset var ikkje besøksfri før ein time etter eigentlig avslutta bursdagsfest. Det er så kjekt med hagen full av glade unger! Det er skikkelig gøy med sommarbarn slik at ein får slike sommarfestar ute, med mindre rot og skrål inne! Lillesøster var i alle fall veldig fornøyd med festen sin; og det var alle andre også!

Etter at gjestane var gått heim oppdaga eg at storebror hadde gått gjennom alle timane i skitten joggebukse og treningsskjorte - kva skjedde? Eg tar det som eit hint på at eg ikkje er kontrollfreak - noko eg innimellom er redd for at eg er. Phuu, eg kan gje litt f eg også; tydlegvis! :D

tirsdag 4. august 2015

Skjørteløpet V10K

Eg snubla tilfeldigvis over Skjørteløpet da ei facebook-venninne var med på det i Jølster. Skjørteløpet er eit virtuelt løp som ein kan vere med på når ein vil, kvar ein vil - men før 31.juli.

Eg synas konseptet var genialt og gjennomførbart og meldte meg på. At medaljen var supersøt var også eit pluss! Etter nokre dagar fikk eg startnummer, medalje og hårband i posten. No var det opp til meg å finne ein dag der eg ville gjennomføre løpet. 10 km skulle tilbakeleggast - gå eller jogg.
Den travle junimånaden gjekk fort over til å bli juli - og vi susa rundt på ferie. Eg jogga som vanleg, også i Danmark, men hadde ikkje heilt tid eller lyst å gjennomføre 10 km. Derfor vart det til at eg gjennomførte løpet på den siste feriedagen, og den siste dagen for løpet - 31.juli! Det var perfekt løpevær, og sidan det var ferie kunne eg løpe etter lunch - min favorittløpetid!

Da eg trente til halvmaraton i fjor hadde eg ei løype eg trente masse i, og som tilsaman er 17 km lang. Det var der eg også tok den første mila mi, så eg viste kor lang eg måtte løpe før eg skulle snu og løpe tilbake - 5 km kvar veg. Det var bra sidan GPS'en på mobilen har vore på bærtur i sommar og ikkje klarer å måle kor langt eg springer lenger. No held eg meg på 5-6 km på joggeturane mine, så eg var litt spent på korleis 10 km ville gå, så eg bestemte at eg skulle gå i de 3 bratte og lange bakkane som er i løypa.

Men da eg var i gang så gjekk det så fint! Eg kom til der eg skulle snu utan å ha måtte gå noko, og da skulle eg i alle fall ikkje gå på vegen tilbake! Go'distansen 5 km; I love it - men så var det jo like langt heim! Det var ikkje like lett! Likevel gjekk det greit og eg gjennomførte utan å måtte gå, på akkurat 1 time. Det er eg knallfornøyd med! Dagen etter hadde eg lett gangsperre, men eg trur det henger i fremdeles -
- for i går skulle eg utnytte godværet etter ein ettermiddag på stranda. Ein lett 5 km-tur i 20 varmegrader og kveldssol. Der gjekk alt galt!

For lang tid sidan middag, så eg tok ei banan = for kort tid sidan mat; noko som betyr at ein joggar av gårde og smågulper heile vegen. Musikken hang seg opp på ein song igjen og igjen, så eg måtte stoppe og fikse det - og da kom det kun de songane eg ikkje liker og som eg snart må hugse å fjerne frå wimp-lista mi! Dårleg forbredt treningssveis, så eg hadde hårtustar som kila meg i anletet heile vegen. Tunge bein etter tre timar sittande på bakken etter 7.5 timer sittande på jobb; og sikkert etter mila tre dagar før. Øyretelefonar som heile tida datt ut av øyret, særleg det venstre. Ei vond høgreskulder som vart verre utover turen, og fikk undervegs selskap av eit litt kranglande bekken på venste side. Tørr og tung luft slik at eg gispa etter vatn, etter kun 2 km.

Enkelte turar altså! Eg skal ut igjen på ny tur på torsdag slik at eg får meg ein god tur - denne kan ikkje henge så lenge i! Les meir om Skjørteløpet her.

mandag 3. august 2015

Lunch ved fjorden

I dag ringte klokka ubarmhjertig - ferien er over! Ungane var superhappy for å komme seg på barnehage og sfo igjen! Lillesøster kom med eit gledeshyl da vi svingte opp til barnehagen; og sidan ho no er i den eldste gruppa i barnehagen var vi enige om at ho skulle begynne å ta på sandalane sine sjølv når ho kom. Det gjekk sjølvsagt fint (eg må berre ha litt tolmodighet); også sprang ho av gårde med smil over heile seg!
Lillesøster vasser i Avleinsvika mellom Loen og Olden 
Storebror skulle ha første dag på ny sfo, og etter nokre smakebitar i juni var han heilt klar!
"Jeg ELSKER dette stedet! Det er derfor jeg er så glad hele tiden" sa han da vi hang på plass ekstratøy og regnklær på den nye plassen hans.
Lunchbord - betre enn kontorlunchbordet eg har spist ved i dag
Det er ok å vere tilbake på jobb. Det går veldig fort tilbake til rutiner; og det var ikkje så oppløftande å telje veker til juleferie i lunchen i dag. Men sidan det er fint vær i dag går turn til nærmaste strand etter jobb for å grille middag, bade og møte ein vennefamilie vi ikkje har sett i sommar. Kvardag er fint det også!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...