søndag 12. juli 2015

Ulv

Denne boka "Ulv" av Stein Erik Lunde var ein av de to bøkene vi lånte på den geniale bokkarusellen på Gol Stasjon da vi reiste heim til Bergen i påska. Denne var det storebror som ville låne. Medan vi las den slo det oss fleire gonger at dette kanskje er ei ungdomsbok. Den har referanser som storebror ikkje kjenner, utan at det gjorde noko!
Boka var i alle fall kjempemorsom! Vi lo så vi grein fleire gonger, både vi og 7-åringen! Når ulven kjem seg inn til menneskene, og de ikkje skjønnar at han er der - det er fantastisk god skrive! Menneska kjem ikkje godt utav det!
YOGI TEA-visdom som passar til boka :)
Knallbok - les den også om du ikkje er barn eller ungdom! Rett og slett god underholdning og eit veldig godt språk!

lørdag 11. juli 2015

YA

Bergen kommune er jo ganske så stor, og det er så mange stader eg aldri har vore! Derfor var det litt eksotisk å komme til Ytre Arna, til Oleana-fabrikken som ligger der.
Bratte trapper ned til fabrikken
Vi hadde sommarfesten med jobben der, og vi fikk ei veldig spanande innføring i Arne Fabrikker av historielaget. Oleana sin fabrikk ligger i desse lokalene, så de viderefører tradisjonen med fabrikk i YA - i alle fall enn så lenge!
Den viktige elva - utgangspunktet for tekstilproduksjon
Etter omvisning på museet som ligger i samme gamle fabrikklokaler hadde vi ølsmaking med Lysefjorden Mikrobryggeri. Når ein først har smakt skikkelig øl er jo nesten ikkje Hansa godt lengre! Lysefjorden hadde i alle fall mange gode øl; og det er så kjekt å lære kva IPA og Pale Ale betyr!
Eg satt i festkomiteen, og fikk akkurat med meg omvisning og ølsmaking før resten av kvelden gjekk med til jobbing. Det var eg for så vidt inneforstått med - og eg kjente igjen de ømme føttene etter timesvis med servitørjobbing, etter år som servitør vedsidan av studiene. Faktisk var det ganske så kjekt å gjøre den jobben igjen - så himla langt frå det eg gjør no!
Ølsmakingsnacks!
Kollega var veldig fornøyde, og festkomiteen var veldig fornøyde - så da seier vi oss - ja - fornøyd! Men tipd om Lysefjorden altså - løp og kjøp og NYT!

fredag 10. juli 2015

Vennebrev

På skulen i vår har de hatt fokus på det å vere ein venn, få venner og ta vare på de. Eit ledd i det arbeidet var å skrive hemmlege vennebrev til kvarandre. De plukka navn opp frå ein boks, også skreiv de fine brev til den som stod på lappen. Storebror fikk den eine kameraten sin, og han på sin side kjente igjen skrifta til storebror da han fikk brevet slik at han viste kven som hadde skrive det! Det er godt gjort, eg synas alle har samme handskrift i 1.klasse!
Dette brevet fikk storebror! Han viste ikkje kven som har skrive det, og det er jo heller ikkje viktig. Men ein i klassen synas at han er fin, har fine klær, er flink å teikne og perle og lage ting - og det er jo så nydelig!

torsdag 9. juli 2015

spis elsk lev

På jobb har vi eit lihihihite bibliotek der vi tar med gode bøker som vi har lest også kan kollegaer låne de. I månadsvis gjekk eg forbi og såg på denne
og lurte på om eg skulle låne den. Eg såg filmen da den kom ut, men var ikkje heilt begeistra. Kanskje eg likte boka betre? Det gjorde eg! Mykje betre! Spesielt godt likte eg "spis"delen, den delen av filmen eg likte minst. Oh well. Ei god bok i alle fall! Lettlest og med fleire gode tankar.
Kan godt lesast ute postjoggetur medan ein venter på at ungane skal dusje ferdig slik at ein sjølv endelig kan ta seg ein dusj!

onsdag 8. juli 2015

Legosortering

I dag er vi i Legoland! Dette bestemte mannen og storebror i fjor sommar - og du må tru det er ein etterlenga park! Storebror er blodfan av lego! Han har ønska seg lego til alle bursdagar og alle juler sidan han var tre år og oppdaga at duplo ikkje var det einste som var av byggeleikar!
Når vi har fortalt om ferieplanane våre til venner og familie har reaksjonen vore "Ja, DET vil storebror elske!"
Vi skal ha to dagar i parken. Mannen har vore her før, men eg og ungane er like ferske - og vi gler oss alle saman! Bileta er frå leosortering som storebror tok initiativ til i juni. Han ville sortere alle legoane sine etter farger slik at det var lettare å bygge.
Mannen var med å sorterte ein del, men storebror gjorde ein skikkelig jobb over to heile dagar! Det ser frameleis meir eller mindre slik ut, han har vore flink å rydda opp igjen i rett boks etter at han har bygd. Han har fleire oppbevaringsseksjoner på rommet sitt, og alle er fulle i lego! På Legoland får han lov å kjøpe seg ein ting; vi får sette av ein times tid slik at han kan bestemme seg. Lego er kult altså! :)

tirsdag 7. juli 2015

Hallmaling

Det er ikkje eit rom i huset vårt som vi ikkje har gjort noko med, og dette rommet har vi no altså gjort noko med to gonger! Heilt unødvendig med runde to sjølvsagt, men det vart da gjort!
Her er hallen medan vi pussa opp yttergangen. Da fungerte denne som oppbevaring av alt vi har av jakker, sko, huer, tjukke gensere og det som måtte vere av ting vi vanlegvis hadde i yttergangen i vinter. Hallen var oransje på veggane da vi kjøpte huset, og desse veggane var de første vi malte nokre månadar etter at vi hadde flytta inn, nokre veker før lillesøster kom. Vi lurte på om vi skulle male døra i det innebygde garderobeskapet samtidig, men det valgte vi å ikkje gjøre.

Det som var grunnen til at eg no malte desse var at vi hadde ein del maling igjen frå da vi pussa opp soverommet i vinter, og den fargen ville passe fint her.
Ny knott ville eg også ha. Eg leita i fleire butikkar, men fann kunn knottar til rundt hundrelappen; noko eg synas var for dyrt, og i alle fall for dyrt sidan eg synas alle av fann var skikkelig stygge og i alle fall ikkje passa inn i hallen vår! Phuu...
Derfor lakkerte eg knotten som var der med neglelakk. Først to strøk med svart, også to strøk med denne glittersaken som vi kjøpte på Mallorca i fjor. Fest!
Her er altså gangen slik den var i helga. Ein del meir ryddig og med finfine malte garderobeskapdører! Knotten kjem ikkje så godt fram her, men den viser jo godt på biletet over. Den passer jo ikkje heilt inn den heller, men fungerer fint til eg (om eg) finner noko anna eg heller vil ha. Det gjorde seg å male desse dørene, og den fargen blir eg aldri lei av!
De som budde i huset før oss hadde kjøpt inn kjedelige lamper til heile huset. Desse bytter vi sakte ut, ein etter ein. Kuppellampa kan sjåast på det øverste biletet. Her flytta vi ned ei lampe vi kjøpte til stua, men som vi bytta ut igjen etter eit år fordi den ikkje gav nok lys i det rommet. Her nede i gangen lyser det veldig fint opp - og mykje betre enn den lampa som var der før. Det er ingen vindaug her, men fire dører inn til yttergang, to barnerom og til bakkjellaren. Ungane oppbevarar leiker her, og lillesøster har garderobeskapet sitt her. Skikkelig lys er viktig!

Vi vurderer teppefliser her etterkvart. Golvet er slitesterkt og heilt greit, men det er iskaldt å gå på (derfor har vi det store stygge teppet på midten), så her ønskjer vi å utforske andre golvalternativer som ikkje betyr at vi må knuse opp heile gulvet og leggje nye varmekabler under. Del tre kjem kanskje ;)

mandag 6. juli 2015

Båt for bil

Vi begynte å feriere som familie i 2011. Storebror er fødd i mars 2008, så da gjekk sommaren med til amming og soving. I august 2009 gifta vi oss, så da gjekk ferien med til forbredelser til denne, samt bryllupsreise utan barn. I juli 2010 kom lillesøster, så den sommaren var vi heime. Amma og sov - why change a winning recipe?
Men de fire siste åra har vi farta rund på campingferie. Tre gongar austover og ein gong sørover. Lange dagar i bil er ikkje å unngå. Ungane har det fint i bil, men eg kan tenkje på rundt 534 ting eg heller vil bruke ferien min til.

Så i år prøver vi båt for bil! For ein ikkje så liten ekstra sum (i forhold til å køyre til Kristiansand å ta båten derifrå) kan vi i dag køyre i 10 minutter frå huset vårt også køyre meir eller mindre rett på båten i byn. Vi skal ha Danmarksferie, og båter oss veg heilt til det er er deilig å vere norsk! Tipp topp! Storebror gleder seg vilt til å sove på båten, det har han aldri gjort før! Eg gler meg til å kjenne at ferien er begynt med det samme, og like etter at vi starta bilen heime! Det gledes!

Danmark - here we come!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...