|
Duplospel - enkelt, effektivt og kjekt! |
I dag er det planleggingsdag i barnehagen og vi har heimedag. Eg liker å ha ein knippe aktiviteter i bakhand i tilfelle det viser seg å vere ein dag av typen eg-finner-ikkje-på-noko-å-gjøre-derfor-skal-eg-erte-på-alle-andre. Det er alltid populært når eg lar de få male med akrylmaling. På ark, boksar, dorullar eller potetstempel - its all good! Plastelina eller palymais er andre favorittar som fort slår ihjel ein time i konsentrert leik ved kjøkkenbordet. Få ting slår bollebaking eller kjeksmiksing. Her får arbeidsmannen hauste litt av fruktene han også; det skal vere litt ekstra stas å komme heim frå jobb når kone og barn har vore heime ein heil dag :) Noko anna som alltid fungerer - ein film på TV og kvar sin boks med frukt og rosiner. Dette er min favoritt - og betyr at eg kan lese bok eller surfe på nettbrettet midt på dagen - nice:)
Håper også du har ein flott fredag!:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!