Fingermalin er skikkelig grisete - nok dukar har blitt ødelagt når ungane har jobba med dette!
Det begynner jo alltid bra, med ein og ein finger. Men så tar det heilt av! Og det må det jo - det er heilt greit!
Derfor er det også heilt greit å gjøre dette om til ein utendørsaktivitet! Små A4-ark er for lite, større A3 er betre, men når det blir ein viss mengde maling blir det vått og krøllete.
Derfor tok vi i bruk papp frå oppussing av kjøkkenet. Denne inneholdt skapdør, så den var ideell!
Det kan vere ei utfordring med to på ei flate, men denne gongen gjekk det fint. De tok det litt som det kom, og var stort sett enige.
Etter at det var tørka ute satte vi det inn i ei vekes tid. Det er fleire veker sidan eg kasta det, og enda har de ikkje spurt om det. Men heilt trygg er eg ikkje enda. Eg prøver å få de til å forstå at vi ikkje kan beholde alt som blir laga. Dette er ein slik. Men biletebevis er lurt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!