tirsdag 18. september 2012

Ålesund


Da eg var i Ålesund på regionskonferanse sist veke var eg KNALLHELDIG og fikk eit stort dobbeltrom med to TV, stue, møtebord...

... små hotellflasker på badet, og vinglass (sjølvsagt?)...
...og ei deilig seng med morgonkåpe og tøfler.
Men, som det ofte er, var eg knapt nok på rommet. Da vi hadde halvanna time utan program gjekk vi ut for å beundre Jungendbyen. Her er Ålesund kirke, bygd på grunnen der den gamle kyrkja låg før bybrannen i januar 1904.
Flott kyrkje i stein!
Brosundet, eller det som originalt hette Ålesundet. Vi var så heldige å få ei førelesning om byhistoria medan vi var der; med vekt på bybrannen. Akkurat no ligger alt ganske langt framme i pannebrasken, han som fortalte og viste bileter var kjempeflink! Viste du foresten av de som busatte seg i Ålesund på midten av 1800-talet var bergensere som ikkje klarte å etablere bedrifter i Bergen? Artig! Bak på dette biletet kan ein sjå Fjellstua. Herfrå er det fantastisk utsikt over byen! Neste gong eg er i Ålesund skal eg ta turen opp trappene og nyte utsikta! Eg er så heldig at eg har familie der, så eg håpar det ikkje blir så lenge til neste gong. Faktisk skal mannen min opp i morgon, men han skal rett ned igjen samme dag, så det blir ikkje noko Fjellstuevandring på han heller.
Jungendsenteret, og litt Parisiske vibbar i lykta vil venstre. Eg har eit tilnærma likt bilete frå Paris, men med ei anna bygning bak sjølvsagt:)

Ålesund er ein flott by, også i sidelengs regn slik det var sist onsdag. På torsdag rakk eg å treffe halve familien min før eg tok kveldsflyet heim til Bergen. Kjekke og inspirerande dagar!!

fredag 14. september 2012

Sniknynorskifisering

Medan eg var i Ålesund var Talel invitert til 5-årsdag, så før eg reiste pakka eg inn gåve og skreiv på kort slik at aleinepappaen fikk litt mindre å tenkje på. Eg liker å gje bøker. Om bursdagsbarnet vart glad for ei bok? Det veit verken eg eller den lille gjesten hans; i og med at de hadde selskapet på leikeland fikk vel knapt nok nokon med seg noko som helst. Men GØYT, det hadde det i alle fall vore!
Også gjer eg helst bøker på nynorsk. Sniknynorskifisering som kaaaanskjeeee gjer at det er fleire som er interesserte i nynorsk når de begynner på skulen. Jaja, mest sannsynleg vil det vere null forskjell, men eg har i alle fall gjort eit tiltak!

tirsdag 11. september 2012

Nytt hus-kort

Inspirert av eit liknande hus som Talel kom heim med frå barnehagen i vår har vi laga eit nytt hus-kort til svigerinne med familie som ... det seier seg vel nesten sjølv... har flytta i nytt hus.
Talel har teikna inne i dør og vindaug, medan eg har pynta med blomster. Oppskrifta er enkelt og greit to ark som er limt oppå kvarandre og klipp, klipp, klipp - ferdig arbeid.

Inne i døra ligger det ei jakke på gulvet. Høyres ikkje kjent ut (:))

I morgon går turen til Ålesund og to dagar med konferanse og hotell. Eg rekkjer også å treffe familie sidan eg skal fly heim igjen nokre timar etter at konferansen er over. Eg ser fram til spanande konferanse, og gruar meg til å ikkje sjå Talel og Janna mellom i kveld og fredags morgon. No var det ikkje så lenge til helg nei!!

mandag 10. september 2012

UFO


UFerdige Objekter - eit skjørt til meg - strikka på pinne 2.5 med tynt garn - HJELPES!!! Det er derfor det er det det er, og har ligge som ei vondt tann nederst i strikkeskuffa i eit år vil eg tru. Eg liker å fullføre det eg har starta på, og i "spare-penger-til-nytt-bad-ånd" er det smartare å fullføre det ein har framfor å kjøpe nytt garn til nye prosjekter. Derfor strikker eg no på skjørt til me, myself and I. I helga har eg gått over til 3.5 pinne (i tråd med oppskrifta, ein strikkar frå livet og ned), men garnet er framleis tynt, og det er 4v og 1r, skikkelig bale med andre ord. Og snart er eg på 12 cm, og da skal eg begynne å AUKE - grøss!

Så det er det eg bruker kveldane mine på. Medan mannen studerer og ungane sover. Det er offisielt haust!

fredag 7. september 2012

Papirglede


Denne fine papirblomsten kom Talel heim med denne veka. I følge han er det ein tryllestav. Fin er den i alle fall. Etter sommaren begynte han på ny avdeling, og er no nest eldst i barnehagen. I samlinga har de jobba med å høyre etter og svare "ja" (og ikkje nei, veit ikkje, ja på alle etc) når det er navnopprop. Når de gjør ein god jobb får de ei kule. Heime har han snakka om desse kulene, og har vore kjempestolt på vegne av alle når de har fått ei kule. Og litt skuffa når det ikkje vart kule. I går fikk de kule nummer 10!! -så i dag er det premietid! "Catch them being good" er eit utprøvd system i kommunen der eg jobba tidlegare, og dette er eit system mange lærarar brukar - også de som ikkje er plassert i ein "slik gjer vi det her"-tradisjon. At dette fungerer godt for Talel, OG veldig mange andre er tydleg - og vi har gleda oss med han kvar gong de har fått kule. Han begynner å bli stor, noko som no blir tydleg gjennom avdelinga og fokuset de har der. Veldig gøyt og spanande for både han og oss! Premien er ein spasertur opp på butikken for å handle frukt som de så skal dele opp og blande saman til fruktsalat - eg kan tenkje meg at de STORKOSAR seg i dag!

Janna tok nok ein gong av seg nattis og bleie før ho sovna i går, så i ettermiddag må vi vaske og tørke nedtissa seng, madrass, pute og dyne. Eg har tidlegare sydd ein nattis saman (kvifor er de full i knappar??) slik at vi må tre jenta inn i den, no må eg ta føre meg de andre også slik at ho ikkje klarer å ta den av seg. Helga er ikkje "bare, bare", men den er jo det! I stor grad!

tirsdag 4. september 2012

Ny favorittneglelakk

Denne har eg sikla på i ein evighet, men vore usikker på om den var skikkelig "meg".
Glitter og stas på neglene midt på ein tysdag? JA TAKK!!
No har eg to og ei halv veke på å trene meg opp til betre tid på 5 km, det startar alt i kveld, med intervalltrening er eg redd...

Ser fram til Grey's i kveld - da er treninga over:)

Ha ein flott dag!!

mandag 3. september 2012

Mikkelparken

Sommarbileter frå Hardanger er på sin plass no som det har blitt september - og haust! Sjølv om eg storkosar meg med teppe, strikketøy og stearinlys er det godt å tenkje på gode sommardagar!
Mikkelparken er liten, og akkurat stor nok for ein dag. Vi var der i fjord også, så Talel hadde forventningar - nokon vart innfridde og andre ikkje. Andetrøbåtane tok vi i fjord også:) Og i år kunne vi ha ei lillesøster med i båten også!
Etter at vi besøkte Hunderfossen i sommar er ungane meir opptatt av troll; her fikk Talel og Maja utforske nokon små eksemplarar av typen medan de andre voksne (og barn) var på butikken og kjøpte is.
Her passar det å skyte inn at eg er 1/4 hardangerværing (harding? hardangaring?)!
Far og son.

I går var det Knarvikmila for alle pengane. Mannen og ungane gjekk ei naturløype, og eg sprang 5 km. Vanlegvis bruker eg mellom 25 og 30 minutter på 5 km, og i går brukte eg 35(!), så det var ei tung økt! Lite mat og høg luftfuktighet får skulda, men enkelte dagar er ein berre ikkje like spretten. Jaja og neinei. Det var kjipt at det gjekk så treigt når det var løp og greier, men shit au. No har eg jogga i over eit halvt år og er litt lei av å springe rundt - så eg held på å skjekke ut treningssenter i nærleiken for eit litt meir variert treningstilbod. Eg liker at det er litt komfortabelt også, og no (med klagete stemme) synes eg det begynner å bli litt kaldt ute. Og mens eg er i klagehjørnet; ein går ikkje innom tax free når ein reiser med privatfly. Så det vart ingen parafyme på meg etter at mannen var i Danmark sist veke. Da vart det plutseleg ikkje like interessant å fly med privatfly lengre...

:)

I kveld skal eg og mannen på kino; Kon Tiki! Hurra!!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...