torsdag 5. desember 2019

Novemberglamour

November var laaaang og innholdsrik! Her er noko av det som opptok kropp og hovud :)
Turer i skogen med lav sol! Dette er kun i helgene, men vi har vore så heldig med nydleg, kaldt og klart vintervær i nesten heile november! Det har fleire satt pris på! Også er det varme i sola - det er jo det!

Blåbærene frå butikken er så store! Eg har ofte ein boks ståande på kontoret for å ha noko å snackse på.
Haustsemesterets einaste tur til Oslo. Sidan eg flaug bort dagen før konferansen hadde eg tid til å møte ei venninne på drinker på Andre til høyre. Det var ein perfekt kveld på ein veldig kul stad samman med ein av mine favorittpersonar!
Spasertur fra Grunerløkka til Sentralen. Her litt av Akerselva. Eg skulle virkelig få mest mogleg utav turen min, så på kvelden hadde eg kjøpt meg billetter til Anna Karenina på Den norske opera & ballett! Her i måneskinn. Etterpå tok eg nattoget tilbake til Bergen og gjekk rett på jobb.



For ein opplevelse! No siklar eg på programmet titt og ofte, gjett om eg skal tilbake!

Søndagstur til speiderleirstad i vinterlandskap.


Lillesøster og eg hadde ein kveldstur opp på Lyderhorn saman med venner (og med lånte hodelykter).
Te, honning og sjokolade frå junaiten. Tenk at vi var der berre for nokre månader sidan!
Låg sol og utstilling på Festplassen i byn. På veg til nok en arbeidsdag med hotellkomfort. I november var heile 8 arbeidsdagar på hotell.
Medalje for et raskt 5 km-løp.
Søppelplukkingtur med tre barn i skumringa.
Joggeturar i skogen i helgene for å kombinere trening, natur og dagslys. Kinderegg!
Fantastisk gatekunst på veg opp på opningsarrangement. Så fint laga i korssting!
Teaterettermiddag på Fyllingsdalen Teater saman med storebror.
Mann og ett barn er med på førmiddagstur på Lyderhorn i finværet.
HURRA! Etter mange år har eg 779 registrerte treningsøkter i appen min, så det er ikkje ofte eg slår noko rekord! Men det gjorde eg altså denne månaden! Kanskje pga godvær, eg veit ikkje, men eg hadde 15 treningsturar i november, totalt 103 km. Og ny fartsrekord på mila. God treningsmånad!
Teatertur for å sjå Peer Gynt DUB. Neste dag var eg tilbake for å sjå lansering av vårprogrammet.
Resteepler frå jobb vart redda og laga om til eplemos.
Here's looking at you kid.
Månaden vart avslutta med 40-årsdag med masse spanande og fine folk!

fredag 1. november 2019

Oktober

Oktober har susa avgårde med så mange kjekke ting som har skjedd!

For å rekke barneforestillingane på DNS er det litt tilrettelegging og moglegheit for stress involvert, men det går så fint når vi omsider sitter i salen! I begynnelsen av oktober såg vi Wendy og Peter Pan, ei kjempegod forestilling som ungane likte godt!
Det er Munch-utstilling på KODE og eg var så heldig å få oppleve den saman med jobben. Vi hadde ein omviser også, og det var fint å få oppdatert informasjon om måleria og livet hans.

I fleire år har eg hatt lyst å vere med på Rosa sløyfe-løpet, så i år meldte eg meg på ganske raskt - før eg rakk å legge andre planar denne dagen. Det var neste 7000 løpere i rosa den dagen - heilt utruleg!
Vi sprang i nydleg kveldsol! Sjå Ulriken som glødar i oktobersola!
Sidan dette var eit heilt lavterskelløp var det mange som gjekk, så løpefeltet gjekk veldig sakte. Lang ifrå noko moglegheit til god tid på løypa, noko som var litt dumt sidan løypa var flatt og lettløpt! Og sjølv om eg starta ganske så langt framme i feltet. Eg kom likevel i mål som nummer 96 av 1884. Ikkje palleplassering, men godt  nok med tanke på kor sakte det gjekk. Det var gøy å oppleve, men neste år trur eg at eg tar med meg lillesøster også løper vi kort løype saman.
Det begynner å bli kalde netter! Det nye epletreet vårt mista sine siste epler, og de låg nokon dagar så fint i førmiddagslyset med restar frå natta si frost på seg.
Også låg haustsol da! Så herleg! Kvar dag med sol blir satt virkelig pris på! Med ull, teppe, te og skjerf går det framleis fint å sitte ute i sola og lese i oktober.
Vi fikk gratisbilletter til utendørskino på Fløyen i haustferien! Hurra! Eg elsker å sjå kino andre stader enn i kinosalen (i kinosalen også, men ja takk til alternativ sal!)! Vi bana oss veg opp med sekken full av varme klær, tepper, ull, kakao og kveldsmat. Visninga begynte kl.19, først da var det mørkt nok.
Vi såg "Den avskyelige snømannen" i ein "sal" med vind, regn og lyden av trær som beveger seg. Rett og slett heilt magisk! I alle fall for tre av fire som faktisk hadde på seg nok klær!
Etterpå fikk ungane sjå Bergen by night for første gong til stor begeistring! Vi tok bana ned til byen igjen - sjå kor flott!
Årets TV-auksjon har fått laga dette flotte kunstverket! Årets sak er viktig - eg og lillesøster meldte oss som bøssebærere tidleg.
Haustferien kjem fort synas eg! Ungane hadde opplegg nesten alle dagar, men ein dag var lillesøster med meg på jobb. Vi luncha på Smaksverket og livet som arbeidskvinne var ganske ok. "Men hvordan orker dere dette hver dag? Hvorfor er dere ikke trøtte?" Ehh, jo, det er vi jo :D
Shape Up var i Bergen med sin eigen convention, og eg hadde meldt meg på for leeenge sidan! For ein fantastisk gøy dag! Eg var med på fire gruppetimer, eit foredrag og ein live podcastinnspilling!
90-tallsaerobic, styrke og smidighet på brett i basseng (snakker vi forbetringspotensiale?), pole (LOVE IT!) og Dance your ass off heilt på slutten av dagen! For ein dag! Eg har kjempelyst å være med igjen til neste år!

Regn, ullsokker, schlækkebukse og te i Empire State Building-koppen. Det har blitt mykje slikt i oktober! Lågterskel haustkos.
Også sol da. Inn på verandaen vår. Godt med klær, ull og teppe, te og solbriller. Herleg!
Eg går ofte av bussen nokon stopp før heime for å gå igjennom denne fine vegen heim. No er sauane vekke.
Vi solgte bensinbilen og kjøpte oss ein langt mindre og eletrisk bil! Vi har ikkje hatt den lenge, men eg har alt kjent på rekkeviddeangst, men det trur eg er eit tilbakelagt kapittel no som vi har fått oss lademoglegheit i garasja. Det skjedde forøvrig på månedens siste dag og gleda var stor 1.november da bilen viste 100% på morgonkvisten! Oh batterilykke!!
På veg til jobbmøte på morgonkvisten. Tidlege solstråler har komt over Ulriken og skinner litt innover i bygatene.
Haust, Grieghallen og ein frekk, liten sak!
Vi gjekk søndagstur opp Stoltzekleiven og gjekk ein heil ny og ukjent veg ned igjen for å prøve ut de nye Sherpatrappene ved Sandviksbatteriet. Her er ein litt ny vinkel mot byn for vår del - frå Sandviken.
Årets Halloweenfest vart tatt i god tid før sjølvaste Halloween. Det er ok å vere ferdig med Halloween til 31.oktober; for da er det godt å rydde den vekk med det samme. Framleis har vi masse spindelvev og edderkopper i stua - men no skal det vekk! Ser raud glasur ut som blod? Ja, eg synes det!
Tre hekser venter på andre mystiske skapninger i trappa vår. Det blir litt klabb og babb når 7 jenter skal organiserast. Eg trur vi går får ei mindre gruppe neste år. Dette er første året eg ikkje er med, og eg sakna det skikkelig! Det har vore så trivleg å vandre rundt saman med ungane og kjenne på stemninga!
Ungane kom heim med nærmare 1.5 kg snop! (ja, de vegde!) Her har storebror systematisert. Vi er da i slekt må vite. Heldige unger! De føler seg så rike med store snopeposar som de kan velge laurdagssnopet sitt frå! Med denne innsamlinga har de snop i fleire månadar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...