tirsdag 30. mai 2017

Bergenguide

Som del av husbytte som vi skal gjøre i sommar er det jobben med å lage ein perm som skal ligge på kjøkkenet med informasjon til de som skal vere heime og bu i huset vårt. Sjølvsagt er det informasjon om vaskemaskin og brannvarslere. Nødnummer og kode til internett. Men også anbefalinger om kva som er verdt å gjøre i Bergen.

No skal dessverre kona operere foten sin før de kjem, så ho er på krykker. Da forsvinner jo alt det som vi setter så veldig pris på! Turar i fjellet! Men då må eg vere krativ!
Troldhaugen - sjølvsagt!
Eg anbefaler Akvariet. Gamle Bergen Museum. Ulriksbanen. Fløybanen. Troldhaugen. Lysøen. Alvøen. KODE 1, 2, 3 og 4. Grieghallen. Fantoft Stavkirke. Håkonshallen og Festningen. Mariakirken.

Og ikkje minst. Vår eigen veranda. I sol og fuglekvitter. I humpe-på-krykke-avstand!

mandag 29. mai 2017

3-fjellsturen 2017

Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg angra på at vi i det heile tatt hadde tenkt på at vi skulle vere med på 3-fjellsturen i år da vekkerklokka ringte på ein søndag - og det var berre å komme seg opp og i gang! Men med 15 kg i sekken (det var meldt varmt, så vi måtte pakke masse vatn og snacks!) stod vi klare ved Fløybanens nedre stasjon kl.09:30. Etter litt sure miner på starten av oppoverbakkane løsna det fint, og vi var fort oppe på Fløyen (400 moh). Der har de eit finfint leikeområde, så ungane fikk leike litt der før vi gjekk vidare. Her måtte vi berre vere greie, men både eg og mannen trippa etter å komme oss vidare. Det gjekk fort vidare og opp på fjell 2, Rundemanen (560 moh). Klokka var ikkje mykje, dette gjekk unna, men vi hadde lunchpause der slik planen var. Omsider vart sekken litt lettare også - eg hadde svetta som ein gris heile vegen!
Frå Rundemanen er det berre nedoverbakke til Sandviksfjellet (417 moh). Steinete og sleipt, men vi kom oss ned. Her fikk vi det siste klippet - no venta berre nedstigninga til målgang i Marken!
Vi brukte kun 4 timar på heile turen. 12 km, tre fjell og god stemning. Vi hadde fleire pausar undervegs, og ein god og litt lengre stopp på fjell to. Finfint med ny turmulighet på tre fjell! Men neste år går vi fire. Eller - eg kjente på at 7-fjellsturen hadde vore kjekk å gå. Berre for meg. For det er langt! Det gjorde ikkje vondt i går - og det er liksom heile poenget med 7-fjellsturarrangementet (trur eg). :)
Diplom! Storebror fikk sin 3-fjellstur godkjent som 4-fjellstur, og lillesøster fikk den godkjent som 7-fjellstur! Det lønnar seg å vere 6 år!
Årets farge er grøn! Storebror går med si skjorte på skulen i dag; du må tru det er stas!!
Vi gjekk rett på resturant og åt middag, sjølv om det var litt tidleg. Mmmm- det var godt med mat! Og godt å komme heim utan å måtte lage middag. Vi bomma litt på bussen slik at vi måtte gå av busstoppet over 3 km unna huset vårt! Storebror vart hissig som ein veps! Og, joda, vi hadde jo absolutt gått nok! Men det var herleg å komme heim, ta av seg på beina og legge føttene høgt!
All ære til mannen som stakk avgårde på fotballkamp nokon timar etter at vi kom heim! Scorte mål gjorde han også! Makan!

søndag 28. mai 2017

Trening på asfalt og fjell


Lyderhorntur med 1.trinn, 30.mars.
I vinter har eg holdt formen ved like ved å gå lange turar i skogen og nokon fjellturar når været har vore ok. Men det er framleis eit sjokk på systemet å gå frå spasering til jogging! Eg hadde nokon joggeturar der eg trudde eg måtte kaste opp fordi det var så tungt. Blodsmak i munnen og for første gong - vond i eit kne! Da er det litt vanskelig å holde motivasjonen oppe. Også blir eg litt betenkt. Jogging er veldig belastande. Eg fylte 36 år tidlegare i mai. Er det galskap å tru at eg skal klare det som eg har klart de siste 3-4 åra? Eg har ikkje komt opp med noko bra svar på det. Og simultant med joggeturane kjem kondisen og styrken på plass igjen, også virkar den tanken berre rar. Sjølvsagt klarer eg det!
Nye joggesko! Viktig!
Da held eg denne sesongen også. Også får vi ta det som det kjem. Eg har så langt i år vore på fleire fjell enn på dette tidspunktet tidlegare, så alternativ trening er alt igangsatt. Også nyter eg de joggeturane eg tar og prøver å sprite de opp med intervaller. Det trenger ikkje alltid å vere lengre. Det kan også vere raskare. I vår har eg skunda meg sakte, noko som betyr at formen er godt tilbake der den bruker å vere i joggesesongen; og eg gjennomfører lengre turar utan nokon vondter. Det er eg så glad for!

I dag er det 7-fjellstur i Bergen! Vi er med alle fire og skal gå den nye 3-fjellsturen som er spesielt retta mot småbarnsfamilier. For lillesøster teller den faktisk som ein 7-fjellstur - de registrerer de som går og når du har gått 7-fjellstur ein viss antall ganger får du premie. Vi er ikkje på veg dit nokon av oss, men gler oss til ein flott tursøndag på tre av Bergens sju fjell!

fredag 26. mai 2017

Festspill

Under årets festspillopning var eg så heldig at eg stod akkurat der de slapp inn pubikum når alle som var spesielt inviterte hadde satt seg! De 17 av oss som slapp inn fikk til og med sitte heilt framme - mellom scena og den lille scena de hadde satt opp nærmare publikum!
Når programmet varer i godt over halvanna time er det godt å sitte! Og for eit program!!
Dyktige konferansierer! Alt blir jo meir stas når det blir sagt på skikkelig posh britisk! Særleg "Please welcome the Queen of Norway." Ho hadde forøvrig ei nydleg tale om identitet - som er årets tema.

I kveld er eg på Conerteateret saman med ei venninne og ser "Sustain" som var tilstades på opninga med ein fantastisk opptreden! Eg gler meg til meir av det! Kjolen er laga av plasposar og fungerte nydleg i vinden på onsdag! Instrumentene er også i stor grad laga av plastavfall. Dette blir bra!

torsdag 25. mai 2017

Ulriken opp

Laurdag 6.mai var vi med på motbakkeløpet Ulriken Opp. Vi hadde deltakarskjorter, nummer på brystet, og på toppen venta det mat og drikke - og finfin medalje til de under 15 år! Men eigentlig - det var berre ein tur opp på Ulriken for oss. Men stas likevel med ein litt anna fjelltur!
Tandem Paragliding til venstre, Ulriken i midten og mange turgåarar til høgre.
Vi bruke rundt ein time opp. Lillesøster var først. Her sitter ho ved mål og venter på at storebror skal komme opp og motta medalje han også!
Vi satte oss ut med finfin utsikt over byen! Det var kjempevarmt denne dagen, og vi hadde heile vegen opp vore litt oppgitte over at vi kledde så masse på oss. Men her framme på kanten blåste det friskt, og da var det godt med lange bukser og ei vindtett jakke! Vi satt her og åt lunch før vi flytta oss litt lenger inn der det ikkje blåste.
Utsikt mot Brann Stadion og Nordåsvannet. Minde og Bønes.

Vi tok oss god tid på toppen. På veg ned gjekk vi slik at vi kunne sjå konkurranseklassen som starta kl.13:30. Da vi kom ned til Montana traff vi på de som hadde starta heilt nede ved Store Lungegårdsvann - snakk om svett gjeng! Lillesøster var så varm på veg ned at ho sa "det kjennes som om jeg blir stekt i en stekepanne!" Det var godt å komme heim og slenge på seg litt mindre klær!
Go'termosen er alltid med!

onsdag 24. mai 2017

Festspillopning


HURRA! Endelig er det Festspill igjen, og etter 16 år i byen mellom de sju fjell er det einsbetydande med DET ER VÅR! For det finnes vel knapt ein vakrare by når sola skinner og det er blomster overalt! Og når erkebergenserene synger Nystemnten med emosjonell vibrasjon til grunn under opninga av Fespillene i dag kan ein ikkje anna enn å la seg bli revet med og bli ein aldri så liten Bergenspatriot sjølv.
Jeg tog min nystemte Cithar i Hænde;
Sorgen forgik mig paa Ulrikkens Top.
Tænkte paa Bauner, om de skulde brænde,
og byde Mandskab mod Fienden op;
følede Freden, blev glad i min Aand,
og greb til min Cithar med legende Haand.
No må eg berre pugge teksten slik at eg kan synge med. Eg kan nemleg berre de to første linjene!

tirsdag 23. mai 2017

Kveldstur til Lyderhorn

Ein dag litt tidleg i mai vart eg og lillesøster med mannen og storebror på speideren for å ro kano. Vi har shoppa speidermøter ein del - om de har nokon ekstra kjekke planar OG det er fint vær, hiver vi oss gjerne på!

Etter ein time på vatnet der vi mellom anna kunne ro heilt inntil eit måkerede med to egg i som låg like over vannoverflaten på ein ellers uframkommelig stad, sendte eg melding til ei venninne som bur like ved Lyderhorn. Hei, blir du med på kveldstur? Det ville ho, og ho kunne vise meg ein veg opp som eg ikkje har gått før! Dobbel lykke!
Slik såg det ut på toppen i 21-tida på kvelden. Så nydleg!! På veg ned igjen skravla vi så masse at vi mista stien vår og stod til slutt tvekroka midt utpå ei myr og lo og lo! Men vi kom oss ned igjen, med ein liten runde utanom stien. Shit au!

Eg var seint heime, men åh så deilig med ein skravletur opp Lyderhorn!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...