tirsdag 29. oktober 2013

Marsj avgårde!


Tre flotte folk i haust-Fyllingsdalen!
Mellom muffinsbaking og gjestar på søndag køyrte vi til Fyllingsdalen for å vere med på den historiske Krohnegårdsmarsjen. Vi kunne velgje to løyper, 3 km eller 7 km. Sidan vi skulle heim til Halloweenfest valgte vi den kortaste på 3 km. Det hadde bøtta ned med regn tidlegare på dagen, men da marsjen starta var det opplett og sol - flaks!
Lynghaugtjørna med yrande fugleliv og ein fin turveg rundt. Vi går aldri tur i Fyllingsdalen, så det var veldig kjekt å spasere i eit område vi ofte køyrer! Og ekstra flott var det jo med alle de klare haustfargane og bladene på bakken!

Fyllingsdalen kyrkje (bygd i 1976)
Undervegs svarte vi på spørsmål, i alt 7 spørsmål knytt til Fyllingsdalen. Kva heiter fotballaget? (FK Fyllingsdalen) Når vart Krohnegårdmarsjen gjennomført for første gong? (1955) Kor mange flytta frå Fyllingsdalen til amerika mellom 1880 og 1912? (15) Storebror fylte ut etter tips frå oss de første fem spørsmåla, så kryssa han av slik at det vart mønster etterpå. Det var sikkert like korrekt - vi svarte mykje feil!
Etter ein times vandring kom vi i mål der det venta flotte diplom til alle, gullmedalje til ungane og vafler og saft! Veldig kosleg etter ein kjekk tur (med ein tanke utolmodig og tissetrendt lillesøster). Storebror var så heldig å vinne gåvekort på Oasen kjøpesenter på startnummeret sitt, så det var veldig gøy! Han vant også på startnummeret da vi gjekk Lyderhorn Opp, eit prøvedykk (!) på Nemo Classic Diving! Eg og mannen er ikkje heilt enig om kven av oss to som skal få lov å arve den premien;) Ein liten heldiggris, det er i allefall sikkert!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...