søndag 28. august 2016

Sko og dørstokkmila

Etter sommaren har det vore skikkelig tungt å komme tilbake til treningsrutiner igjen. Og det er så rart. Eg veit at eg liker å jogge, så da er det uforståeleg for meg når eg kjenner at eg ikkje vil. Eg VIL jo det - vil eg ikkje?

Tidlegare har det også vore litt tungt innimellom. Men aldri så lenge som no. Sjølv om eg ikkje vil ut på joggetur har eg gjort det altså. Jajamensan.

Da har det vore kjipt at det ikkje alltid blir betre undervegs. Som den gongen lillesøster hadde omgangssjuka og eg meinte at eg ikkje var smitta, og sidan eg hadde vore inne med ho i to dagar skulle eg i alle fall komme meg ut på ein tur i frisk luft ALEINE sjølv om eg følte meg litt uvel. Det er ikkje gøy å måtte stoppe tre gonger på 5 km fordi du er sikker på at du må spy.
Yndlingsjoggesko, nye fjellsko og møkkasko.
Eller som den gongen eg tenkte at eg skulle avlaste yndlingsjoggeskoene mine som eg kjenner begynner å bli litt nedjogga under, og heller bruke de nyare skoene som eg digger i svart og rosa, men som på tidlegare turar har føltes litt trange. Etter ein kilometer begynte det å gjøre vondt. Etter 6.5 km kom eg heim og hadde så vondt i venstre storetå som eg aldri har hatt før. I dagesvis etterpå hadde eg kramper under foten sidan eg sikkert hadde krølla den saman for at tåa ikkje skulle dunke i skoen. Negla var først kvit, no er den blålilla og kjem garantert til å dette av. Den er i godt selskap med de to andre neglene som tok kvelden under Bergen fjellmaraton. 
Når du kjem heim frå joggetur og ser at det er venner på besøk
Det bruker å vere betre å jogge enn eg trur når eg tar ut. Men no i august har det sjeldan vore det. Men det er alltid godt å komme heim!
Eg har gitt vekk de trange joggeskoene og kjøpt meg eit par nye som er ein størrelse for store. Føttene hovnar opp iløpet av joggeturen - men det er eit triks eg ikkje har trengt å benytte meg av før. Utstyret må fungere! Så får heller motivasjonen komme tilbake når den er klar for det.

Snart håpar eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...