Haruki Murakami er ein av mine yndlingsforfattere! Etter at eg las "Trekkoppfuglen" da vi reiste jorda rundt i 2005/2006 har eg lest nesten alt han har skrive! 17 av romanane hans er gjeve ut på norsk, og eg har lest 13 av de. To av de eg ikkje har lest står i hylla og venter. De andre to leser eg nok de også :)
No har de to første "miniromanane" han skreiv blitt gitt ut i bokform, men nytt forord frå forfattaren. Her leitar han etter uttykket sitt - og eg må seie at det er ganske så nært det som no i stor grad er hans signatur og det som gjør at eg elsker bøkene hans. Men det er ikkje heilt reint. Ikkje like perfekt.
"Hør vinden synge" er hans første, korte roman. Den likte eg godt! Etterpå kom "Flipperspill, 1973" som er lausare i formen og vanskelig å dukke ned i. Gode deler, men den følas uferdig. Noko den kanskje også var.
Denne las eg da sommarvarmen vart bytta ut med 12 grader og regn i slutten av juni. Derfor var det te og varmt teppe. Det er kosleg med haust midt på sommaren - men bøkene går lettare når eg sitter i sola og leser! Så sjølv om dette var ei kort og oppdelt bok (beståande av to bøker) tok det meg ein del dagar å komme igjennom den.
torsdag 7. juli 2016
onsdag 6. juli 2016
Doktor Proktor
De siste månadane har eg og storebror lest Doktor Proktor-bøker. Den første om prompepulveret, denne om tidsbadekaret; og no har vi nett starta på den tredje - verdens undergang. Dette er skikkelig gode bøker! Jo Nesbø leverer som alltid! Eg trur nok storebror er i nederste sjiktet, det er ein del ting han ikkje tar. Særleg "kvinnleg intuisjon" og andre ting som lurker i bakgrunnen. Men det betyr absolutt ingenting, for historiene er utruleg gode - kompliserte, morsomme, underfundige og fantasifulle! Eg koser meg like mykje som han. Noko som titt og ofte fører til at vi leser litt lenger enn klokka seier. Vi må jo lese ferdig kapittelet, ikkje sant?! Vi låner og fornyer på biblioteket. Sidan eg og mannen deler på legging leser vi kanskje annan kvar dag, så vi bruker rundt 6 veker på ei bok. Stekt anbefaling frå storebror og min side!
Mannen som er stor fan av Nesbø og har lest alt han har skrive for voksne er ganske sjalu på at det er eg som leser denne serien. Det kan eg jo forstå! :)
Mannen som er stor fan av Nesbø og har lest alt han har skrive for voksne er ganske sjalu på at det er eg som leser denne serien. Det kan eg jo forstå! :)
tirsdag 5. juli 2016
mandag 4. juli 2016
Ferie!!
I dag er vekkerklokka stille. Det er første sommarferiedag for oss og det betyr mellom anna SOVING! Det er i alle fall det i første omgang eg har sett mest fram til, og snakka om!
Måndag sist veke: "God morgon! TENK! Neste måndag kan vi berre ligge å purke oss til langt på dag!!"
I dag er den måndagen. Og det skal sovast! Gjett om!
Måndag sist veke: "God morgon! TENK! Neste måndag kan vi berre ligge å purke oss til langt på dag!!"
![]() |
| Fri som fuglen? |
søndag 3. juli 2016
Kjøleskapgraut
Kjøleskapsgraut har lenge vore ein hit på nett og i blader, og eg har ved fleire høve klippa ut oppskrifter og tenkt at eg skulle prøve det. Det er ikkje alltid eg får gjort som eg hadde tenkt, men ei helg fikk eg i alle fall prøvd ei oppskrift som eg fant i eit blad. Dette var nok til to personer, altså kveldsmat til meg og mannen.
3 dl store harvregryn
2 dl mjølk (her brukte eg sjokoladesoyamjølk)
1 ts flytande honning
1 dl yoghurt naturell
1 ts chiafrø
Bland saman og la det stå i kjøleskapet i nokre timar. Her trur eg det var essensielt at eg brukte sjokolademjølk, for ellers trur eg ikkje det hadde smakt så masse. Med sjokolademjølk vart det nesten som mørk sjokoladepudding og DET var godt! Mannen namma seg fleire gongar og bad meg om å ikkje kaste oppskrifta. Sunt og godt!

lørdag 2. juli 2016
Trilogien
Eg er stor Jon Fosse-fan! Eg har lest fleire av hans "samlede skuespill"-bøker og elsker det!! Sjølvsagt har eg opplevd han på teater også, men kjenner samtidig at eg er låst og ganske så bestemt på korleis eg vil at han skal tolkast, så det er lang fallhøgde!
Å lese han derimot er ei glede! Eg jubla da han vann Nordisk Råds Litteraturpris - den fortjener han! Og det er nettopp denne boka han fikk den for. "Trilogien. Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd."
For eit mesterverk! Så bra at eg knapt har ord! Denne bør alle lese! Denne stiller seg, for meg, på lik linje med ein annan klassiker, Hamsund sin "Sult" som eg har lest fleire gonger. Denne boka gjer eg ikkje frå meg, denne skal lesast igjen!

fredag 1. juli 2016
Med ein kamerat på jobb
Storebror har hatt to flotte veker på sfo etter at skulen var ferdig før sommaren. Men i dag er det stengt, og vi har framleis ein dag igjen. Det ordnar vi lett! Han er med meg på jobb til lunch, også leverer eg han til mannen etter lunch. Vi er heldige som har jobbar som kan gjørast med ein assistent på slep, og barnevennlege kollegaer!
Lillesøster har den siste dagen i barnehagen i dag - noko sinne - så eg skal hente ho og for siste gong følge ho ut porten. Huff, eg kjenner eit stikk i magen berre ved tanken! Men først skal vi nyte siste arbeidsdag før ferie. Kjøpe god lunch og ha bonustid med storebror!
![]() |
| Litt småsnacks er viktig! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)