fredag 17. desember 2021

Desemberhygge del 1


Tidleg i desember var vi på julekonsert i Håkonshallen og høyrte på Trygve Skaug. Da vi gjorde dette i fjor var det 20 publikum - denne gongen var det 600! Det var så stor forskjell - og gøy å oppleve begge!
Det var lysutstilling på Festningen, og den rakk vi å gå igjennom før konserten satte i gang. Ganske så magisk!

Full sal i kongehallen!
Etter konserten åt vi kveldsmat på Starbucks - og lata som om vi var - ja, kvar som helst andre stader enn Bergen :)
Snø - og den låge vintersola skal nytast! Her er det ti minutters jobbpause i solstolen. Med varm bukse, jakke, hue, skjerf og vintersko. DETTE er det beste med heimekontor synas eg!
Helgetur til Voss der vi fikk med oss denne soloppgangen:
Året nærmar seg slutten, og med det er eg også ferdig i vikariatet eg har hatt sidan februar. Med aukande smittetal i Bergen vart avslutninga mi digital med mat-, sjokolade- og blomsterlevering på døra.
Vi rakk å gjøre noko frivillig arbeid fysisk i desember -
men veldig mykje vart flytta over til enda meir skjermtid. Mellom jobb og verv trur eg aldri at eg har vore så mykje på digitale møter som eg har vore i desember i år!
SOL OG SØNDAG! Eg og mannen stakk til skogs der vi fant oss ein stille plass ved vatnet der vi fikk nyte varme solstråler, te og ro.
Også på veg tilbake til bilen! Tenk å vere så heldige å bu slik! Eller i alle fall i nærleiken av slikt!
Ungane bakte lussekattar dagen før dagen slik at de kunne ha med seg på skulen dagen etter.
Midt i den svartaste vinteren - og i veka der all snøen regna vekk og skulane stengte - blomstra den eine orkideen min! Berre den lillafargen der minner oss på at SNART! Snart blir det lysare dagar og blomster!
Og med det gjekk vi inn i andre delen av desember :)


torsdag 2. desember 2021

November

Etter regnrekord i oktober var hadde vi endelig nokre dagar med lys i november! Eg prioriterte 15 minutter utetid på heimekontoret titt og ofte - det føles lurt.


Søndagstur i skogen med låg sol, minusgrader i skyggen og varme i sola! Det trur eg er de beste turane!
Eg trur det har vore sol kvar einaste søndag i november! Her frå ein søndag på Troldhaugen! Eg vart så overraska over at denne lille perla ligger kun eit drøyt kvarter frå huset vårt - og vi er der nesten aldri! Høve var Nina Grieg-minifestival. Huset var ikkje åpent, men vi ville ikkje inn i dette været uansett :)


Ein regnfull dag på heimekontoret er fin i selskap med levande lys. 
 - og å utnytte moglegheita til ein litt lengre skogstur i lunchen. Låge vintersol - hei hei!
Vi var med på lysfest - heilt lokal, men dog - og vart kalde på beina og varme i sjela.
Siste søndag i november. Sol og vindstille. I sola var det litt varme - i skuggen minus 7. Ein magisk tur i skogen etter frukost før vi fikk finfint besøk i hus.
Etter ufrivillig pause frå vår tradisjonelle bakedag med venner var det ekstra fint å kunne gjennomføre det i år med friske folk i begge hus!
Siste måndag i november var eg på programslipp på DNS etterfulgt av førestilling. Da eg kom ut av teateret i 21-tida snødde det sidelengs - så stilig!
Med snøstorm heile natta var det fint å vokne til årets første skikkelige snødag siste dag av november. Ein kan også sjå kva Toulouse bedriver utetida si med - han liker snø og synas det er kjekt å leike!

fredag 5. november 2021

Oktoberhøgdepunkt

 

Hausttur i skogen med nydlege fargar og frisk luft. Vi var stort sett sjuke heile månaden, og det var regnrekkord i Bergen; så det vart berre ein skogstur. Men den var god! :D

Få dagar etter at alt opna igjen var vi på show saman med haugevis av andre folk! Eigentlig var folkemengden like spanande som det som skjedde på scena. Så fint å vere saman! Og litt rart.

20 år som innbyggar i Bergen vart feira med drinkar og deilig mat saman med to venninner. For ein fantastisk kveld!
Luftetur i blåtimen.
Nypremiere! Her backstage - sjølvsagt! :) Eg skulle jo på scena!
Togtur over fjellet til Oslo. På Finse var det snø. Og sol! Det var heilt magisk å reise igjen!
I Oslo var det nydlege haustfargar og ganske så varmt! Det var også litt sol, mykje vind og "nett som før". Eg var der i fire dagar, men var nok ein gong sjuk, så dagane gjekk til jobb og kvile.
Konferanseutsikt. Langt der oppe var himmelen blå.

Siste dag før eg satte meg på toget igjen jobba eg frå hotellrommet. Det var heilt supert!
Etter utsjekk jobba eg frå Deichman Bjørvika. Det var fint å i alle fall ein dag utnytte moglegheitane som ligger i å kunne jobbe kor som helst.
Siste helga i oktober var alle friske (woop!), og vi hadde ein liten miniferie på Dr.Holms på Geilo. Vi brukte tida på bading inne og ute, spise god mat, sitte i store skinnstolar foran ein av de store peisane på hotellet, shoppe og berre nyte det faktum at vi omsider var i fin form alle fire! For første gong i oktober :)

Hardangerbrua på veg heim. Så stilig! Oktober hadde absolutt nokre høgdepunkt. La oss hugse dei, og legge alle sjukedagane i gløymeboksen!


fredag 1. oktober 2021

September

Stemming før valgdagen er framleis vanen min etter at eg var folkeregistrert ein annan stad enn eg budde i åresvis - og måtte stemme på førehand. Det er greit med alt som er gjort!


Til tross for både ny jord og netting over kassene for å unngå katt, snegler og fugler - vart avlinga noko tynn i år. Det har vore veldig tørt, men eg har vatna ein del; så eg trur ikkje heilt det er det heller. Dette var i alle fall ikkje noko å skryte av, og ikkje så mykje å bli mett av. Men fine fargar da. Og kortreist!
Vi var langt heldigare med epla! Så fine! Og gode i følge de som kan spise slikt!
Eg var på publikumsprøve på DNS dagar før de stengte ned teateret grunna streik.
Valgvake med IPA og den framtidige statsministeren.
I vår kjøpte eg orienteringskart som vi omsider fikk prøvd oss på. Vi tok de fleste saman med nokre venner på søndagstur, også jogga eg ut seinare i veka og fann de tre siste. Veldig gøy! Også kjem ein over nokre skikkelige blåbærhimmelheter når ein går vekk frå sti! Nam!
I september tok vi oss også ein bydag som vi avslutta med deilig italiensk pizza! Det var varmt nok til å sitte ute - så det var nesten som å være på ferie! Tenk det!







mandag 6. september 2021

Augustliv

Vi forlot våre gode senger heime for ei natt ute i hengekøyer. For meg var dette første natt hengande mellom to trær! Om ein googlar gråhegre lyd, så høyrer ein kvifor vi var vokne delar av natta! Haha; men hengekøya var god!

Siste feriedag på nokon av oss vart feira med McFlurry! Nam!

DNS har vandreteater i lydform i sommar! Den første scena skal høyrast på ved Johanneskirken. Det var fint å vandre i byn etter gammalt, og det var fint å sjå på "scenene" når de som var der ikkje visste at de var ein del av kulissene!
Når det er 22 grader og styrtregn er det luksus for planter å få seg ein tur ut. Og etterpå blir de ekstra grønne og fine!
Arbeidsstart var som vanleg - tungt å få hovudet i gang. Men i år hadde eg tre dagar på kurs i byn; så da vart hovudet tvunget i gang! Helga har sjeldan vore betre som etter den første veka!

Eg satte ei nål i bunad for første gong! Hempene er altså sydd på av meg. Eg trur ikkje eg skal utvide repertoaret heilt med det samme.
Smittebølge fire vart eit faktum og Bergen fikk sine høgaste smittetal sidan pandemien starta. Eg vart også sjuk, men etter ein bomtur og seinare halvanna time i kø på teststasjonen, viste det seg at eg heldigvis ikkje var smitta av korona.
Gode venner med overaktive plommetrær sendte oss fleire poser med deilige plommer. De fleste vart spist, men eg hermetiserte 2 kg som vi har til deilige desserter.
Det to år gamle epletreet vårt klinka til med 14 store og trill runde epler! I vår plukka eg av halvparten slik at de skulle bli store - det fungerte som berre det (sjølv om det gjorde vondt når eg halverte antallet)! Vi lot eplene henge i heile august i strålande seinsommarvær!

Siste bilete i august 2021 vart frodig grønt bilete med noko gul haustfarge på veg. Eg gjekk på ein ås like ved og møtte ein mann på sopptur med kun to soppar i nettet. Så tørr august som vi har hatt gir dårleg soppvekst, sa han. Men desto betre ettermiddager i solveggen da :) 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...