tirsdag 21. juni 2022

Første del av juni


Juni begynner der mai slutta - i suiten på Vestlia.
Geilokontor 2 av 4 var i fellesarealene på Vestlia. Geilokontor 1 av 4 var jo i suiten.
Skigardutsikt mot Ustedalsfjorden på vandring mellom hotell.
Geilokontor 3 av 4. Eg vart ikke oppgradert på Dr.Holms, meeeen...
....eg hadde heile bassenget for meg sjølv da eg tok badepause frå jobb!
 Geilokontor 4 av 4. Kanskje favoritten! Her passa eg på å ha teamsmøte slik at eg kunne dele herligheten!
Ein heil ettermiddag satt eg her og las. Det er ferie altså, sjølv om det berre var ein skarve fredag. 
Mann og barn kom til fjells for å henge. Vi sjekka inn på Vestlia igjen og hadde deilige pinsedager der!
Stopp på Vøringsfossen er blitt ein tradisjon på veg vestover.
Og Hardangerbrua. Alltid majestetisk!
The one and only prøvepublikum for ei scenegruppe eg kjenner godt. Eg betalte for plassen min med vafler til alle :) 
Nydelige blomster frå sjefen!
Bjørn Eidsvåg- konsert i regn! Men det gjorde ingenting med dobbeltregntøy.
Ein søndag i Musehagen på Høyden.
Og ein av månadens mange avslutninger. Ein er sjølvsagt foreldrekontakt og arrangerer - resultatet var betre enn utgangspunktet (om eg får seie det sjølv) :D
Dette er halve juni, og med så mange gode minner å minnast, deler eg månaden i to.

torsdag 16. juni 2022

It's gonna be May

Nok ein gong bestemmer eg meg for å ikkje legge ut fleire bileter og nok ein gong gjør eg det fordi eg synas det er så fint med bildedagbok. De aller fleste bileta som ligger her blir sletta frå mobilen, og da er forsåvidt dette som ei gratis lagringsteneste å rekne.

Middagsbesøk tidleg i mai med Eaton Mess i sola til dessert.
Utstillingsåpning på KODE, blomster i byn, kveldsmat på ny meksikansk favorittbule og kun ein unge - finfin fredag.
Hurra for 17.mai og fint vær! Og hurra for at det skya til når vi hadde kledd på oss og gått til toget!

Festspillene er alltid ei hektisk tid. Eg rakk å få med meg ein konsert i år. Det er vel også snittet de siste åra, med unntak av pandemien sjølvsagt. 

Publikumsprøve på DNS, med nydelig kveldssol gjennom treverket i parken på veg ned til bilen. 
Epletreet! Fullt av blomster!
Bursdagsfest med film og snop! Vi gjorde stua om til ein komfortsal for 10 eksklusive gjestar!
Det er langt mellom kvar jobbreise, så det er ekstra stas når det skjer! Geilo - here I Come!
Fabelaktig utsikt frå togvinduet! 
Vel framme på Geilo vart eg oppgradert til suite! Det var luksus! Her hadde eg suitekontor før og innimellom konferanse. Siste dagen av mai var langt over snittet god!

onsdag 4. mai 2022

Jeg velger meg (sommar) april anno 2022

Middagsbesøk midt i veka med tilhøyrande raske-med-seg-dessert frå den lille butikken på veg mellom jobb og buss. 

Vi bakte til kyrkjekaffe og tok sjansen på at Spiderman var innanfor. (Det var det :))
På tur i skogen låg denne i søledammen ved sidan av vegen. Eg skjønnar ikkje korleis ei så fin rose kan havne der.
Meditasjonskonsert i Korskirken.
Påskeferie i framtidsfylket. Her frå Astruptunet.

Også nokre påskedagar heime før jobb- og skulestart. Påskeliljer frå eigen hage, for ein luksus!
Knallvær og sommarstemning! Eg kjøpte hengekøyestativ slik at eg omsider vi tatt i bruk den nye hengekøya eg snubla over etter fjorårets sesong. For tida leser eg Will Smith sin biografi.
Nydleg tåkete morgon på heimekontor.

torsdag 7. april 2022

Mars


Full sal - nett som i gamle dager - på "Assassins" på DNS.
Skogsturer i kveldsol - ei sol som tar kveld litt seinare for kvar dag! Det gledast!
Omsider fikk eg smelta om gamle lys til nye lys. Det var enklare gjort enn eg trudde!
Konsertkveld i Domkirken - midt i veka.
Strikkekveld med strikkeglade venninner.
Rekvisittloppemarknad på DNS. Vi vart eit måleri, ei skål og ein falsk kaktus rikare.

Bursdagsfeiring i byn med spontan tur innom Happy Donuts for påfyll.
Heimekontorlunch i sola - eit høgdepunkt!
Yogagudsteneste i Domkirken. 
Bursdagsbarn som blir vekt med muffins, lys og song. Og ute var det blitt det snø :)
Blikk til tomat- og paprikaavlinga vår i år! Slik såg det ut siste dag i mars.


tirsdag 8. mars 2022

Februar

 Månaden starta med min eigen positive covidtest. Denne vakre veggkunsten får ein med seg når ein står i kø på Spelhaugen og har komt i nærleiken av menneskene i smittevernutstyr.

Blomar på kjøkkenbordet første helg i februar. 
Ein roleg postcovidlaurdag på digital litteraturfestival - her med bokprat frå Australia.
Nokon hadde bursdag og vart feira med valgfri middag og is til dessert. 
Etter 697 dagar med heimekontor hadde eg min første dag på kontoret - med kalender frå 2020 på veggen. Alt var som før, og det var både veldig fint og litt forvirrande.

Med to veker i isolasjon og covidrunde må formen varmast sakte opp igjen. Ettermiddagstur i nærskogen.
Valentinesmiddag på søramerikansk restaurant i byn - nett som å være der :) I Argentina altså!
På den ekte Valentinesdagen gjekk eg tur med venninne. Vi tente lys og drakk te heilt til det rett og slett vart for kaldt til å sitte stille. 
Morgonstemning mot Ulriken.
Ei heil veke i korpsets teikn. Nokon øvde og nokon var voksen (og det kan jo være det kjedeligaste av alt).
Ettermiddagssoltur i skogen for å hente frisk luft og ein kvast blåbærlyng til bordet heime.
Siste dag i februar prøvde vi parflyt - og låg og flaut i ein boks ein time. Nesten utslettande!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...