lørdag 11. juni 2016

Verdenskart

Da vi pussa opp soverommet satt vi igjen med ein stor vegg utan noko på. Sidan den var så stor var det også vanskelig å finne noko som kunne passe der. Og med ny vegg gjør det vondt å tenke på å spikre noko der- Lage hull? Nei takk.

Da er det fint med wallstickers. Vi har ikkje det nokon annan stad i huset sida de som budde her før likte tapet med utheva mønster. Wallstickers må ha slett overflate og det hadde vi jo på soverommet! Dette verdskartet kjøpte eg på ellos.no. Det var veldig lett å sette opp utan at det kom bølger i det. No er det godt over eit halvt år sidan vi hang det opp, og no er det ei litt anna historie. Soverommet vårt får sol på seg frå kl.04:00 om sommaren. I mai og juni har det vore mange veldig varme dagar og da blir det også veldig varmt på rommet. Om det er det som er grunnen, eller om det berre er vanleg praksis, veit eg ikkje, men merkene har begynt å krølle seg. Vi slettar de ut igjen, men snart kjem det nye bølgar. Særleg over Russland som er så stort. Men også i Canada/USA og Afrika. Vi får følge med, men det kan ikkje bli så mykje verre før vi vel å ta det vekk.

fredag 10. juni 2016

Fjordland havregrøt og risgrøt



I perfekt tid til kveldsmat på tysdag fikk vi ein spanande pakke i posten frå Buzzador!

Eg viste at den var på veg så vi hadde utsatt kveldsmåltidet litt slik at vi kunne prøve ut de nye produktene med ein gong!
Inni pakken låg det fire boksar med Fjordland harvregraut og risgraut. Ungane ville umiddelbart smake risgrauten, eller riskremen som vi kalla den. Her var det jordbær, mango og rabarbra-mos til å helle oppi. Også den alltid populære skeia (og by the way vart vaska etter alle kunstens regler og tatt med på rommet).
I følge ungane smakte risgrauten deilig - særleg "det gode" som var fruktmosen i det lille rommet. De vart spesielt godt sleika.
Eg og mannen åt havregraut med blåbær og eple. Det smakte virkelig havregraut - så det var liksom eit skikkelig måltid! Eit som vi kjente at vi vart mette av på ein anna måte enn rislunch. Eg er stor fan av byggrynsris, og det var litt på samme måte. At det kjentes ut som mat. Blåbærsmaken var også veldig god saman med den kalde grauten. Denne kjem eg garantert til å kjøpe igjen!

torsdag 9. juni 2016

Banankjeks

Det går ein del i banan. Men ikkje nok i forhold til kor mykje vi kjøper inn, så eg lagar ofte rettar som har banan i seg. Sjå under fana "Banan" på sida til høgre, der er nokon av favorittane!
Eg har mange oppskrifter på banankjeks og bananmuffins. Sist lagde eg banankjeks med denne oppskrifta:
3 godt modne bananer
0.6 dl nøytral olje
3.5 dl havregryn
2 dl revet kokos
1/2 ts salt
1 ts kardemomme
1/4 ts knust nellik
2.5 dl grovmjøl av eit eller anna slag
evt knuste valnøtter

Miks saman og form ca 15 kjeks. Steik på 175 grader i ca.30 min. Følg med. Lukt og gled deg!
Strø gjerne litt havsalt på toppen!
Desse var nydlege! Mannen likte de ekstra godt fordi de ikkje smakte så masse banan :)

onsdag 8. juni 2016

Skulejente


I desse dagar møter vi opp ved 1.trinn for å få vårt første møte med klassen til lillesøster og læraren hennes. Dette er like stort no som det var når storebror gjorde det for to år sidan, men samtidig litt meir kjent.
Lillesøster er klar som eit egg! Vi tuller med at vi skal smelle ho rett opp i 3.trinn til hausten saman med storebror! Ho kan lese og skrive, både med små og store bokstavar. Og ho kan konsentrere seg lenge om gongen. Eit godt skuleemne!

Til jul fikk ho ei oppgåvebok som ho har jobba masse i. Den er for 1. til 4.trinn, så det er ikkje alt ho klarer - men ho får til masse! Ikkje minst synas ho det er veldig gøy! Etter å ha sett storebror gjort lekser i to år er det endelig (snart) hennes tur å også ha ansvar på ettermiddagen! Vi ser fram til å ha to skulebarn i hus til hausten og håpar på å vere like heldig med lærar og klasse som det vi har vore med storebror!

tirsdag 7. juni 2016

Kom hjem

Denne boka altså!

Handlinga er i stor grad satt frå 1938-1945 i USA. Ei kvit kvinne og ein farga mann vil vere saman, men i den delstaten de bur i er ikkje dette lov. Det er ei fin og trist historie som er verdt å lese. Sjølv om lovene endrar seg er det ikkje sikkert at folks holdningar endrar seg - og kor langt har vi da eigentlig komt?
Eg gjekk til sengs halv 9 ein kveld berre for å lese ut boka, hahaha, det er det lenge sidan eg har gjort!

mandag 6. juni 2016

Assistent

I dag hadde eg med meg ein liten assistent på jobb. No som skulestart nærmar seg er det ikkje lenger mulighet for å innimellom ha seg ein arbeidsdag med mamma. I dag var vi invitert på ei barneteaterforestilling der den tidlegare teaterlæraren til lillesøster er regissør. Så da var det ein fin anledning til å ta med seg lillesøster på jobb! Mest sannsynleg for siste gong.
Trenger ikkje heve-senkepult med ein 5-åring på jobb!
Vi avslutta også dagen litt tidleg for å gå heim og nyte sola! Håper den skinner på deg i dag også!

søndag 5. juni 2016

Halvmaratonmatematikk

Eg kom på det igjen på torsdag da eg var med på Bergen Fjellmaraton. Eg har min eigen halvmaratonmatematikk!

De setter opp skilt ved kvar kilometer slik at du veit at du er på rett veg, og kor langt du har komt i løypa. Slik fungerer matematikken min:

1 km: Alt ein kilometer unnagjort! BRA!
2 km: Da har eg begynt på den første tiaren!
3 km: Godt i gang no!
4 km: No er eg snart ferdig med 1/4!
5 km: No er eg ferdig med 1/4!!

Her reagerer du kanskje. I alle fall om du veit at halvmaraton er 21 km (og 97,5 meter). For å holde motet oppe jobbar eg mot 20 km, også er den siste kilometeren ein bonus :) Innimellom reknar eg med bonusen, innimellom ikkje.
Og beina går
6 km: No nærmar eg meg 1/3 ferdig!
7 km: 1/3 ferdig! Og det er inkludert bonusen!
8 km: No nærmar eg meg halvvegs!
9 km: No er eg halvvegs, også manglar eg berre tre kilometer til så er eg i mål!
10 km: Halvvegs! Om eg tenkjer på det i nokre minutter, så er eg faktisk halvvegs!
11 km: Halve løpet og meir til er gjennomført. No er det like langt igjen som eg alt har gått.
12 km: No gjenstår kun to korte joggeturar!
13 km: 7 km igjen! Og det er jo ein vanleg joggetur for meg. Kun det!
14 km: No er eg snart ferdig med 3/4!
15 km: No er det berre 5 km igjen! Ein klassiker!
16 km: Kun 4 km! Det er jo berre ein kort joggetur!
17 km: 3 km igjen! Det er L - I - T - E
18 km: 2 små igjen! Det er knapt så ein får opp pulsen på ein slik distanse!
19 km: Siste no! Neste er 20!
20 km: Bonusrunden - nailing this!
21 km: MÅL I SIKTE!!
Når mål ser slik ut <3
Eg sleit virkelig med motivasjonen etter 13 km. Da hadde eg alt gått langt og vore lenge på tur, og det var framleis masse igjen. Men med litt halvmaratonmatematikk og småløgn om gjenværande distanse går det jo litt betre. Det er knallhard mental jobbing - det hugsa eg så godt at det var da eg sprang halvmaraton på asfalt også. For kvart einaste steg gjør forferdelig vondt! Og det er langt - langt - langt igjen! Ein må lyge litt da, for å i det heile tatt klare å holde hovudet under kontroll!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...