fredag 13. desember 2013

Min son - skodespelaren!

Kjøkkenet fult av fin-fine tantebarn (og eigne barn) i haust!
De eldste barna i barnehagen var i kyrkja denne veka for å lære om juleevangeliet. Storebror var der i fjord også, og hugsar framleis at Jesus er kongen, og at det var ein konge som ville drepe Jesus fordi HAN ville vere konge. I denne samanheng ville han at sonen som bror min fikk rundt juletider i fjord (kjekkasen du kan skimte under armen min på biletet) skulle heite Jesus. Samtidig var han opptatt av at baby Jesus måtte bli passa ekstra godt på slik at kongen frå Oslo ikkje kom å ville drepe han! True story - han var veldig opptatt av dette i 2012!

I år skulle de få vere med å spele ut juleevangeliet i kyrkja, og på spørsmål om kven som ville vere Josef hadde storebror rekt opp handa og fått rollen med ein gong. Vår barnehage var ikkje den einste som var der, så Maria vart plukka ut frå ein anna barnehage. Storebror hadde da vinka på Maria og peika på plassen vedsidan av seg, "Her skal du sitte". De ansatte i barnehagen fortalte dette med store auger til mannen da han henta ungane, for til alle sin forskrekkelse hadde sjenerte lille Maria komt opp og satt seg ned vedsidan av Josef foran alle de andre ungane. De andre ungane hadde også fått roller, sauer, vise menn etc. Storebror hadde tatt regien og delt ut replikkar over ein lav sko "Du Marius, du skal seie BÆ!"

Sjølvsagt blir mor med mastergrad i teatervitskap stolt og høg i hatten! Første hovedrolle - nice! (no veit eg jo at Jesus er hovedrolla, men han var kun ei dukke. Enkelte vil hevde at Maria er hovedrolla, eller kanskje Gud, men i 2007 var eg på ei teaterførestilling som viste juleevangeliet frå Josef sitt ståsted - og sidan da har han vore ei stjerne i augene mine:))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...