onsdag 11. desember 2013

Vennebesøk - epilog

Frå eit tidlegare vennebesøk - kun ein den gongen :)
Det vart liv i huset i går med heile førskulegruppa frå barnehagen på besøk! De var heilt oppøste - men satt i ro lenge nok til at de åt ein god del middag (heilt til ein gjekk - da vart alle ferdige med ein gong!). Det samme skjedde når vi såg film - etter ein time gjekk ein på do, da skulle alle på do - også gjekk alle ned i kjellaren for å leike med lego. UHELDIGVIS oppdaga storebror at eg hadde kasta ein halvødelagt bilbane medan vennane var der, noko som førte til hyling og grining! Vennane trøysta så fint at eg var heilt rørt "Dette går bra!" "Du har jo framleis masse lego, og du er den beste til å bygge lego i heile barnehagen!" "Du er i alle fall flinkare enn meg" "Også har du eit sånt flott legohus - det er det ingen andre som har" Det hjalp ikkje så mykje, men han roa seg etterkvart, og besøket gjekk sin gong. Faktisk var det ingen som ville gå heim når foreldra kom å henta de, så de hadde storkosa seg!

Litt ekstra jobb er det jo med huset fult av unger, og denne gruppa som var hos oss i går har nokre konflikter innad i gruppa, så når alle var gått var eg ganske så sliten. Eg var grytidleg i seng, noko som viste seg å vere lurt sidan lillesøster kom grinande inn på rommet vårt kl.03:08, og vart liggande der resten av natta. Etter ein time gjekk eg inn på stua å la meg, men det vart ikkje så mykje meir søvn enn det eg fikk før 03:08. I dag er det full rulle heile dagen (noko eg hadde god tid til å tenkje på mellom 03:08 og 07:10), men resten av veka har vi berre koseplanar, så det går heilt fint :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...