onsdag 2. desember 2015

Årets julekalendere

I år ville lillesøster ha pakkekalender og storebror ville ha Lego Star Wars.
Gåver til ein femåring er enkelt, eg handla mest på nille og TGR. Eg kjøpte også eit "Pets"-blad som inneholdt masse ekstrating som eg delte opp i fleire pakkar. Pakkane hang eg på kalenderen som mormor har laga, eller mamma da - alt etter som :)
 Eg og mannen har brukt å kjøpe noko til kvarandre annankvar dag, men eg snubla tilfeldigvis over denne Jelly Beans-kalenderen på ein nettbutikk - så da blir det snop kvar dag fram til jul!
Lego Star Wars var litt dyr synas eg, men greit nok. Greit nok er guten glad i lego, men eg trur faktisk at han kjem til å bli litt sjalu på lillesøster som får ulike ting kvar dag. Og til og med snop innimellom! Han har også sagt at han vil ha pakkekalender til neste år. Det er ikkje billigere enn dette, men da kan eg i alle fall snike inn ei truse eller to; noko han trenger, i tillegg til noko han kan og vil leike med.

Stas er det uansett i år med flotte kalendere, og overraskelser KVAR DAG!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...