lørdag 2. april 2016

10 år sidan jorda rundt!

2.juledag 2005 stod eg tidleg opp og kom meg på første av i alt nesten 30 flyturar som de neste månadane skulle ta meg og mannen (da kjærast og sambuar) jorda rundt!

I høve det store 10-årsjubileumet har vi prøvd å lese om turen vår kvar dag. Det var jo ei uoverkommeleg oppgåve i utgangspunktet, i alle fall sidan vi ville lese rett dag på rett dag. Vi skreiv reisedagbok kvar dag på turen! DET er vi glade for! Vi var usikre på om vi hugsa alt, men no skulle det altså komme for ein dag!
Vi shoppa veldig lite, meiner vi å hugse, men når vi las boka såg vi at det var litt meir shopping enn vi trudde. Vi kjøpte klær fleire gongar. Det hang jo saman med at vi kun hadde kvar vår sekk, så vi hadde lite klær med i utgangspunktet, samt at vi reiste mellom ulike klima, så vi trengte ulike ting. Eg trur ikkje vi har nokon av klæra vi kjøpte da lenger, men vi har andre ting, som denne Cusco-baggen som Puste ligger i. Den brukte eg sist i januar da eg var på overnattingstur med jobben. Finfin!
Reiseruta var følgande land: Kina, Thailand, Malaysia, Australia, USA, Peru, Chile, Argentina, Uruguay, Brasil også USA igjen. I fleire av landa var vi over fleire dagar og reiste mellom ulike stader. Mest med buss, men også med tog (Kina) og båt (mellom Argentinga og Uruguay).
Vi kom heim igjen i dag, 2.april. Vi reiste 1.april frå New York. Da vi kom heim hadde vi ingen stad å bu og ingen jobb. Men det gjekk jo fint det, vi fann oss fort ei leilighet, mannen fikk fort jobb, og eg fikk jobb på hausten. Ti år seinare har vi fast jobb begge to :) Og hus. Og unger. Puste hadde vi alt når vi reiste, ho var hos besta medan vi var vekke.
Skal eg seie noko om turen? Neeeiiii. Det er for mykje å seie.Og vi hadde gløymt noko, begge to. Men ikkje mykje!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...