tirsdag 10. oktober 2023

September og jakt på første rad

Med målretta steg gjekk eg inn i arbeidshausten med ein plan for korleis eg skulle minnast på kvifor jobben min er viktig, og kven den er viktig for. Dette betyr mellom anna nokre turar UT av kontoret for å observere. På veg til ein slik ein, kan ein jo observere andre kjekke ting - som dette store veggmåleriet på Møhlenpris.

Ein kan også utnytte ein time mellom møter sittande på ein benk i Musehagen og kjenne på ein avdempa haustlunk i lufta og kvilepuls.
Første rad del 1: publikumsprøve på DNS. Tekstleg tungt stykke, men mange gode kvalitetar og ein framragande skodespelar rett ved skosålen. Og googling og refleksjonar de neste dagane. Kanskje ikkje stor teaterkunst, men likevel viktig.
Første rad del 2: eit luksusdøgn i suite på Hotell Norge kan vel aldri vere feil!
Kaffekopp nummer to inntas i hotellsenga, saman med litt dessert.
Eit dårleg bilete av lunch på biblioteket for å høyre på nyansatt kulturtopp. Lære noko om nokon, og google også her. Bonusopplevelse var sinna publikummer utan filter. 
Første rad del 3: Jo Nesbø i nydleg samtale på Litteraturhuset.
Første rad del 4: yoga på Fløyen i solnedgang.
Første rad del 5: sin urgammal klassiker; søndagstur opp Stoltzen i haustsol med eitt av to barn og ein av ein ektemann.
Første rad del 6: liten venn på veg bortover mot Fløyen.
Første rad del 7: Yndlingsregissør som ved sin plassering PÅ scena under publikumsprøva var nesten like spanande som heile forestillinga. Kva reagerte han på no? Kva seier han til naboen? A work in progress.
Første rad i helsevesenet del 8. I møte med fagfolk som har som jobb å endre utsjånaden til folk kan einkvar bli litt sosial betenkt. Flink fyr i alle fall. Om enn litt taus.
Heilaften i kulturens hovedstad: debatt om Knut Hamsund si bok "Mysterier" på biblioteket før vi rusla lenger bort i kulturaksen for å få med oss
debatt om nynorsk. Og vin. Første rad 9 og 10 her altså.
Yoga i kyrkja - ein favoritt! Første rad vart det også, sjølv om eg eigentlig likar å ligge lenger bak når eg er her.
Strikkekveld med venninner og Dirty Dancing på DVD. Vitaminboost! 
De siste timane av september vart  brukt sovande i hotellseng - kun fordi vi hadde i gratis natt vi måtte bruke. Deilig helgeluksus!

fredag 15. september 2023

August, og framleis to liv

Halve august vart levd på beste ferievis- her eksemplifisert ved nokre få bileter.

Ein sterk og nesten religiøs morgon i Køln medan vi venta på neste tog. Eg var så heldig å få med meg "Shattered Souls - in a Sea of Silence" som stod foran katedralen 1.-6.august. Besøket inn i katedralen etterpå var ei reise i emosjoner. 
Vel framme i Belgia kunne vi nyte belgiske vafler, 
fantastiske stader (her Brugge - byen vi budde i), 
Atomium i Brussel, 
tissegutten, 
ein dagstur til Frankrike for å sjå på historiske stader frå 2.verdenskrig, 
evige solsikkehimmelriker, 
ein dagstur til Nederland for å besøke naturreservater (og kjøpe Stroopwafel), 
nyte belgiske pommes frites med topping (og med utsikt), 
vere så heldige at været tillot ein full stranddag,
ein draumedansefestival, 
og heilt til sist - rolege morgoner med kaffe og sol. Her er siste dagen i Brugge, timar før heimreise.
Ahh, København. Ein av mange yndlingsbyar. Vi berre mellomlanda her, men neste gong håpar eg at vi kan bli der litt lenger.
Trygt heime var det berre å ta imot ferien-er-over-nedstemtheten, og hugse å glede seg over alt som ligger foran oss. Etter jobb- og skulestart kunne vi rope hurra for
ein feiande flott 50-årsfest, 
utendørskonsert med Vamp og
deilig joggevær!
Vi kunne rope litt mindre hurra for at joggerunden min de siste 11 åra vart stengt på få dagers varsel og med fleire år som tidshorisont. Eg tok meg tid til nokre bileter, for slik kjem det ikkje til å sjå ut når eg kan jogge denne vegen neste gong.
Siste dag i august satt vi (nok ein gong) ute i regnvær, men denne gongen for å nyte Shakespeare på originalspråket i ei fabelaktig oppsetting!

tirsdag 8. august 2023

Juli og to liv

 Sidan bileta la seg omvendt, viser bileta juli frå slutt til begynnelse. Vi avslutta månaden på flott hotell i Düsseldorf, og med kveldsmat kjøpt i Litle Tokyo. 

Dagstur til Berlin med fleire highlights pressa inn. For ein fin by! Med ein historieinteressert unge er dette eit stort høgdepunkt!
Vi såg mange togstasjonar og tok enda fleire togturar sidan vi brukte dei første 10 dagene av ferien vår på ein liten mini-interrail. Tog altså! Luksus! Vi skulle gjerne ha holdt på lenger!
Hamburg var ny by for meg - og hadde mykje flott! Den historiske delen var skikkelig stilig! Eg har sletta mange nesten heilt like bileter, men det var så fint overalt!
Sidan vi går bakover- vi hadde eit av suitene framme på Danskebåten, så dette var usikta frå lugaren vår.  
Vi starta ferien med heimeferie ei veke. Vi feira bursdag, og rydda mykje i huset! Også var vi på klatresenter og fant ut at det liker vi jo skikkelig godt alle fire! Den ferske tenåringen var best av oss alle!
Lykken er raud løper! Vi er på kinoførpremiere på Barbie-filmen. Med rosa gensere og hårstrikker!
Noko lei av å trakke i samme skog, vandra eg noko alternativt i starten av juli. Her speglar Lyderhorn seg i vatnet. At dette er samme månad som Danmark og Tyskland er rart. Dette er kvardagsliv med ein rolegare kvardag sidan ungane har ferie.
Ny, og mogleg favorittsti, opp på Damsgårdsfjellet. 

Badetur uten unger, og vi ser at vi må begynne å finne nye favorittar når vi ikkje har unger med oss. Vi prøvde ut Gamlehaugen, og det freista til gjentagelse! Fine bokmerker hadde de også!
 Det var ikkje mange finværsdagane, men det som kom av sol vart nytt i lange drag! Forresten ei skikkelig bra bok!!
Lyderhorn i tropehete og med ny veg ned. Da kom eg på baksida av fjellet i forhold til kvar eg bur, så det vart ein forferdelig lang og kjedelig gåtur heim etterpå. 
Liatårnet i øs og pøs regn heile vegen opp og heile vegen ned.



onsdag 5. juli 2023

Juniliv pt. 2

Siste halvdel av juni vart sommerferieedition - med mest tid vekke frå heimen. Her på Ulriken der eg var med på yoga, foredrag og deilig lunch!

Familiens musikant jobba hardt med repertoaret til NM - og øvde alt for mykje (ifølge ho sjølv)!
Togtur til austlandet for workacion og nye opplevelser!
Finfine dagar i Drammen, med fullt opplegg heile dagen. Kankje ein blir sliten etter nokre slike dagar, men denne runden synas eg kunne godt ha vart dobbelt så lenge!

Etter tre dagar i Drammen toga eg sørover til Tønsberg der eg hadde hotellkontor i to dagar. Sightseeing på ettermiddagane; her på Slottsfjellet.
Etter endt arbeidsveke tøffa eg enda lenger sør, og til Larvik. Eg gjekk i Bøkskogen og forelska meg heilt!
Helga var satt av til NM i janitsjar, og konkurransedagen var pakka av musikalske opplevelser! Det var supervarmt heile helga, og eg hadde badepauser både fredag og laurdag. Larvik var ein koselig by!
Grunna kansellert tog til Bergen på søndagen fikk eg eit bonusdøgn i Oslo. Bading ved operaen, og kveldstur i Slottsparken. 

Og bonushotellsengkontor. Heldigvis kom eg meg heim så eg rakk å få ein smak av kvardagslivet før den ekte ferien begynner!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...