torsdag 5. mars 2020

Ny dagleg spasertur

Når bussen stopper eit lite stykke unna arbeidsplassen er det høve til ein liten spasertur - to gongar kvar dag til og frå. Byen er ganske så ulik kl.06:45 og 14:30! Og når vi bytta kontorlokaler for eit halvt år sidan vart også spaserturen forandra.
Kontor rett bak Bryggen er heilt i orden! Det var fint å vandre her kvar dag. Om morgonen var det veldig stille, men enorme mengdar søppel! I begynnelsen tok eg alltid opp noko og kasta det, men det slutta eg med da det eskalerte til å ta ein del tid. Det som eg trur er nattevakten på Galleriet går rundt bygget og plukker opp søppel der kvar morgon kl.06:45. Det trengst!
På varme dagar luncha vi her - med utsikt mot takene på Bryggen. På veg til jobb gjekk eg forbi eit bakeri der det ofte lukta heilt himmelsk av nybakt! Det saknar eg litt.
Fine hus og breie fortau også like bak trebebyggelsen. Og i turistsesongen så mange folk at eg måtte rekne ekstra tid til bussen; sild i tønne altså!
Utsikta frå kontoret var derimot den verste eg har hatt - rett og slett ikke-eksisterande og rett inn i murveggen på andre sida av bygget.
Da vart det betre i de nye kontorlokalene på andre sida av byen. Framleis ikkje bra, men i alle fall himmel, lys, mennesker og litt avstand til andre hus.
Også dette da! Så langt har vi kun vore i de nye lokalene i vinterhalvåret. Innimellom har månen hengt stor og tung rett over Den Nasjonale Scene - som på dette biletet. Det enslige lyset mellom gatelyktene er altså månen; det var heilt magisk!
Blå himmel og lav vintersol på Ole Bull. Denne vegen gjennom kulturaksen er så og seie heilt rein for søppel. Det er fint!
Kvar morgon vandrar eg igjennom teaterparken; det er favorittdelen av spaserturen.
Vinterlys, reine fortau (Hotel Norge har ein ansatt som spyler fortauet kvar morgon ca kl.06:45) og roleg morgonstemning i byen.
Den Nasjonale Scene forsøpler arkitekturen sin med store plakater og støyende film. Ikkje noko eg trenger å plukke opp da. Alt i alt liker eg nok denne turen best, men det er mest fordi den er rein og kortare enn den andre. Snart skal eg ikkje lenger gå her kvar dag sidan eg har planar om alternativ transport. Vi får sjå!

mandag 2. mars 2020

Rask februar

Tidlegare har eg synas at februar kun er ei forlenging av januar. Det vart ikkje slik i år og da var jo februar rask - til tross for at det er skotår. Februar starta med det januar slutta med - sjukdom. Kombinert med oppkommande morsdag fikk eg nydlege roser av ungane 1.februar.
Omsider var det ein helgedag med opplett og nokre minusgrader. Vi benytta høve til å avise frysaren (det er greit å kunne legge ut frysevarene). Lillesøster får leika seg litt med "snøen" som vart skrapa ut. Det har ikkje vore så mykje snø denne vinteren så vi tar det vi får! Dagen vart også nytt med nokon minutter i solveggen - mmmm!
Heimekontordag medan eg venta på feiaren. Akkurat denne dagen var det snø, så han gjekk ikkje oppå taket. Vi har ikkje fyrt i peisen sidan 2010, så det er sikkert i orden.
På veg heim frå jobb ein dag sto det ei hyggleg dame utanfor Dromedar og delte ut gratis kakao! Er det mulig å vere så heldig!!
Eg og lillesøster var på premieren av "Ulverock" på Fyllingsdalen Teater.
Spasertur gjennom Nygårdsparken på veg til møte. Lav vintersol, frost og fine omgivelser.
Vegen mot Danmarksplass kan også være fin. Her letna morgontåka og sola ligger litt over Ulriken.
Vinteren har vore prega av mykje regn og enda meir vind. Det har vore vanskelig å trene som vanleg når det er hagl og stiv kuling nesten kvar dag. Her er frå tur i Gullaksdalen da ein heilt fersk rotvelt viste seg.
Vindtur på Lyderhorn. Vi gjekk ein ny veg ned igjen, denne gongen mot Loddefjord.
Søndagstur til Viggohytten. Det var meldt sol, men idet vi begynte å gå kom det masse snø! Før vi var komt opp låg det eit fint snølag overalt og sola kom fram. Det vart faktisk så varmt at eg måtte ta av buffen rundt halsen! Det er ikkje mykje, men det er da noko!

Lillesøster var uheldig og sklei på ei glatt rot som ho ikkje såg under snøen. Store delar av søndagen vart brukt på legevakten for å grave ut ein heilt kvist som satt i kinnet hennes. Vinterferieveka vart derfor litt prega av antibiotika og sårbehandling. Heldigvis var humøret på topp, og ho er virkelig den tøffaste 9-åringen vi veit om!
Eg kunne markere avslutning på eit stort prosjekt med ein grønngrønn smoothie frå Fruktbar! Nam!
Vi hadde tre separate kjøkkenplanleggingsmøter a' 90 minutter på IKEA i februar. Alle gode ting er tre, så på det siste bestilte møtet seint i februar betalte vi den omsider ferdige bestillingslista! No er det berre å vente på montering!
Eg hadde to avspaseringsdagar i slutten av vinterferien og tenk at det vart snø! Toulouse har litt blanda kjensler. Vi på to bein var berre glade!

På skotårsdagen gjekk vi på ski like ved huset vårt. Vi har ikkje kjøpt skifestingsutstyr til Leafen, så vi da måtte nært nok til gå vere bra nok. Det var det også.

fredag 21. februar 2020

Nymåla stue

Fargane i huset vårt var heilt nøytrale og fine da vi flytta inn i 2010, så vi har ikkje kjent på at vi berre MÅ måle om! No har vi gjort det i de fleste rom, men stua har vore ok. Men da eg ville bytte ut nokon bilder på stua såg eg at her var det så store fargeforskjeller at om det skulle flyttast på noko måtte vi måle.

FØR
Bak det runde biletet var veggen ganske så mørk. Eg og lillesøster kasta oss rundt (etter at eg hadde brukt nokre veker på å bestemme den nye fargen) og handla måling som stod klar i kjellaren til ein dag (eller nokon dagar på rad) det plutselig viste seg å være tid og ork til å måle stua. Vi har måla mange rom, men stua er liksom ekstra viktig - her er vi, og andre mennesker, masse. Det bør være bra!
Fargen som var der var nok ein lys caffelatte, eller en naturkvit. I masse lys var den kvit, og i mindre lys gul.
Ikkje lenge etter at måling, maskeringstape og ruller var i hus fikk vi ånden over oss og satte i gang. Etter arbeid ein dag gjekk alt ned frå veggane og møblar vart dratt inn i midten av rommet. Alle hol vart tetta, og det var fint! De som budde her før hadde ein del på veggane, så mykje av det vi hadde satt opp var der for å dekke desse hola - ikkje fordi vi ville henge noko akkurat der. 100 meter markerinstape vart klistra opp. Vi var klare for måling neste morgon!
Vi lot alt stå medan vi måla. Litt knotete, men mindre jobb enn å flytte alt ut av rommet. Stua er 30 kvadrat og vi tok to strøk på ein dag sidan det tørka så fort. Vi måla med LADY Pure Color Veggmaling 1269 DEMRING. Vi begynte på samme stad og gjekk rundt stua til vi møttes igjen. Etterpå bytta vi veg. Tanken var at evt slurvemåling skulle rettast ut ved at to ulike mennesker måla samme stad.
ETTER
Det var jo så effektivt å måle! Eg skjønnar ikkje kvifor vi ikkje har gjort det før! Den nye fargen, akkurat som den forrige, endrar seg mykje i lyset. No har vi kun hatt den i vintermånadane med lite naturleg lys, men her ein dag fikk eg bilete av veggen med låg vintersol på seg! Til ein anna gong prøver vi å hugse at det er lurt å måle på sommaren medan det er lyst. Til tross for arbeidslys er vi ikkje heilt 100% fornøyde med rullejobben alle stader.
Med nøytralt bakteppe vart plutselig alt det gråe (sofa, teppe, sjeselong, katt) veldig grått! Men vi kan ikkje bytte ut de store møblane kun for at vi har ny veggfarge. Vi får heller ha fargar på andre ting - med den nye fargen på veggen synas eg alt passar inn!
Vi bestilte spesialtilpassa skinner til taket i den kortenden med mykje glass og fekk sydd gardiner til i eit tjukt stoff. Skinna var 4 meter lang og kom i eit heilt stykke som vi måtte hente! Heldigvis hadde mannen firmabil akkurat den dagen. Leafen vår har ikkje sjanse!

Vi har hatt vanleg gardinstang her før vi måla, no fikk vi altså opp ei skinne som går langs heile kortsida. Gardinene er tre meter slik at de dekker vindauget og døra når de er trekt for. Ellers (og det gjelder 99,9% av tida) henger de på den meteren som ikkje har vindaug. Dette synas eg balanserte veggen veldig bra - og kven veit vel kvar vindauget sluttar?
Vi endte også opp med å snu sofaen slik at vi no ser ut; altså ikkje sitter med ryggen mot lyset. Her visast også det som starta det heile: bileta. Vi bytta ut lampene på  veggen med nokon svarte som passar samen med det nye takpunktet på denne delen av stua.
Vi monterte altså eit takpunkt ekstra. Til no har vi kun hatt eit takpunkt, og det var i den andre delen av rommet. Heilt fint på sommarhalvåret - noko mørkt på vinterhalvåret. Alle lysene har dimmarar - og det benyttar vi oss masse av! Eg er så fornøyd med det!
Utgangspunktbiletet over sofaen har blitt flytta. Biletet kjøpte vi da vi flytta inn i vår første eigde leilighet i 2007, Birdgirl frå Savannah, hekla duk frå mormor og blomar :)

onsdag 19. februar 2020

Kvardagsmerkedag

Dette er jo ein heilt vanleg dag for alle. Også for meg. Men det er også dagen da det som skulle være ei unntakstilstand (kor lenge kan ein kalle det for unntakstilstand?), men som varte i 4 månader, er over. Kanskje blir det nokon avsluttande e-postar i dag (og sikkert fleire enn eg kunne ønske), men frå og med i dag er det nye arbeidsoppgåver på jobb. Gjett om det er fint å endeleg komme hit! Eg tar med meg det eg har lært frå perioden og gler meg til å jobbe langsiktig igjen!

mandag 3. februar 2020

Lang januarmånad og korte dagar


Når Toulouse er midt i vinterpelsen sin er han så fluffete at det ikkje går an å gå forbi han utan å ta på han. Han er eit støkke katt altså! Brei som ei låvedør. Ekstra brei med all den pelsen!
Det er tungt å begynne på'n igjen etter ein lang juleferie. For store og små.
Juletreet fikk stå til litt inn i januar. Det er så koselig. Også blir det så romslig når vi pakka det vekk. Og den romsligheta er fin å vente på.
Levande lys, opent vindauge (fordi det innimellom er ganske så mildt i januar) og ein roleg ettermiddag.
Også nattens konge som brukar store deler av dagen på å hente seg inn igjen. Ingenting er som litt pels på ull.
Turar ut i lyset i helgene er eit must på vinteren! Og alt no kan vi sjå at det blir litt og litt lysare utover ettermiddagen! Det går jo så fort!
Solnedgangsjoggetur før middag. Da veit du at det er vinter!
Vi fikk omsider prøvd Jamie Olivers Italian som har komt til byn. Kjempegod mat og den beste limonaden vi har smakt!
Ballettshow med lillsøster på scena i byens storstue, Grieghallen.
Eg holdt to foredrag i fine historiske lokaler. Både eg og mannen har hatt tøffe arbeidsveker i januar med mykje jobb og kryssande krav - så disse foredragene hadde eg eigentlig ikkje tid til. Men det er jo så gøy!
Spasertur gjennom Nygårdsparken på veg til møte. Det er som å være i ein anna by!
Laurdagskveld med grandis, kakao og spel!
Søndagstur opp Stoltzekleiven og bort til Fløyen. Her fra Trollskogen.
Lillesøster gjorde comeback i musikkorpset. Denne gongen med nytt instrument: trombone!
De nye søylene på Torgallmenningen blir satt opp - og det blir så fint!
Vi var i Grieghallen igjen for å høyre Bergen Filharmoniske Orkester og miljøkonserten Sustain. Dette var ein familieforestilling og ungane hadde levert inn bråkete leiker på førehand. Dessverre såg vi ikkje igjen akkurat de leikene vi hadde levert inn, men konserten var god likevel!
Vi inviterte venner på besøk for å feire at det er 10 år sidan vi flytta inn i huset vårt! Vi serverte pinnekjøtt til middag og appelsinbrownies til dessert. Nam! Tenk at vi har budd her i ti år!
Månaden vart avslutta med kortison og sjukdom. I den rekkefølga.
Mitt i sjukeperioden måtte eg på jobb for å gjennomføre eit prosjekt eg har planlagt i halvanna år. Dagen var veldig vellykka og til tross for laber form satt eg og kjente på viktigheta av tema vi jobba med. Dagen markerte også på mange måtar slutten (eller begynnelsen på slutten) av eit fagfelt eg har jobba med sidan 2017. Det var fint å avslutte på toppen!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...