mandag 1. oktober 2012

Heimedag

 I dag er eg heime med to sjuke unger. Eller - de VAR i alle fall sjuke i går, og i natt - og i dag tidleg. Små febervarme kropper er noko av det tristaste eg veit om. Janna kasta også opp i går kveld, men det ser ut som om det kun var ein eingongshendelse. I dag åt de cheerios til frukost, og feberen forsvann som dugg for sola - meir eller mindre. Fram med malesaker!
 Talel har fått ein bunke med post-it som inviterar til anna bruk av blyantar. Og ei avveksling frå A3 arkene (som eg stjeler frå jobben, kremt).
 Men når lillesøster maler,
 og penslane ligger så veldig nær
blir det fort vekk med post-it's og fram med forsøk på dele eit malebrett. Noko som minner meg på at vi må kjøpe eit til; det må da vere måte på. I dag har de samarbeida veldig bra, Talel har skjønt korleis ein får ein to-åring til å gjøre noko, så etter storproduksjon av kunstverk på morgonen (klokka var eigentlig 10, så det var vel strengt tatt førmiddag) leika de bamsebursdag i kjellaren i halvanna time medan eg gjorde husarbeid. Fantastisk! Eg måtte kun ned å forhandle eit par gongar. No sover Janna medan Talel slapper av foran TV. Denne dagen vart jo så mykje betre enn eg hadde forestilt meg - nemleg med timer i sofaen med Oso og Handy Manny på TV med ein varm kropp i kvar armkrok. Koseleg nok, men ikkje i sju og ein halv time.

Hurra for friske barn!! Og hurra for det, som etter i kveld, og med unntak av onsdag - er ei roleg veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...