onsdag 20. mars 2013

Hornbaking - ein gløymt kunst?

Er horn litt sånn 90-talls? Eg hadde heilt gløymt at de eksisterte heilt til eg las ein blogg der de hadde baka horn. Eg vart inspirert og lillesøster hjalp til å bake. Oppskrifta var halvgrov og med fyll. Nam! Eg hadde litt chorizorestar og vanleg kvitost som eg fylte med. Nokon vart utan kjøtt - og nokon vart med litt sjokolade og valnøtter (de var best!). Lillesøster laga to horn med alt:)
I helga skal vi feire 5-årsdag til storebror med ein god haug små gjestar. På menyen står det pannekaker med bacon og poteter til lunch (vi har invitert frå kl.12-14), og gele (blå og grønn) og prinsekake til "dessert". I tillegg får alle gjestane ein snopepose før de går. I dag skal vi ut og handle inn alt vi trenger; heldigvis synes vi alle at slike festar er KJEMPEGØYE og vi gler oss masse til helga!:)

2 kommentarer:

  1. Vi lager ofte horn, grove og fine!.
    Det er så lettvindt og ikke minst godt!
    et godt alternativ i matboksen også!

    SvarSlett
  2. Heilt supre - dette skal vi lage igjen! Ungane blir litt skuffa når vi skal bake boller sidan de ikkje får bruke kjevla si. Så dette er vinn-vinn!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...