lørdag 30. mars 2013

Påskedagar og såkalla bypåske

Det er vel det vi driver med - bypåske - vi som enda ikkje har skaffa oss hytte på fjellet. Men med det knallværet som har vore kan du tru vi har hatt to flotte påskedagar + ein bonusdag på onsdag!

På onsdag tok vi turen til Akvariet i Bergen der lillesøster gav smukkane sine til fiskane. Ho var så tøff og flink og stolt - og er det framleis - samtidig som ho saknar smukken sin forferdelig. Ho voknar fleire gongar i løpet av kvelden og trenger trøst, og voknar tidleg på morgonen - alt heilt ulikt ho. Derfor har vi hatt ei trøtt jente desse dagane! Stakkars lille - det er ikkje lett å måtte bli stor!
 På skjærtorsdag tok vi turen til fjells der storebror fikk prøve seg på ski for første gong! Han viste seg å vere eit naturtalent (heilt subjektiv sjølvsagt:))!
 Og litt knall og fall:)
 Strålande sol frå skyfri himmel - glade unger og utkvilte foreldre!
Nemnte eg at det var glade unger?
 Lillesøster er enda skilaus (som resten av familien), men hadde med seg akebrett.
 Langfredag - og bursdagen til storebror! Vi kokte blå egg til frukost på den splitter nye komfyren vår som mannen smelte på plass innimellom slaga onsdag og torsdag. Det første vi laga på den var altså blå egg:)
Lunch - egg i rede.
 Etter timar med legobygging drog vi med oss eit skrikande bursdagsbarn ut i skog og mark. Han hadde (før legogåvane var komt) sagt at han ville grille pølser i skogen til middag. Så ut på tur med oss!
 Vi fann oss ein lun sving med fabelaktig utsikt og grilla pølser og mais. Humøret var på dette tidspunktet steget fleire hakk hos alle. Kakao er heller ikkje feil på tur:)
 Lykken er ei grein å svinge seg i!
Gode påskedagar - og enda har vi fleire igjen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...