mandag 18. mars 2013

Snopereglar

Storebror fikk høyre om laurdagssnop rett før han vart tre år. Da var regelen at han fikk ein snop pr. år; altså to snop som snart vart tre. Når vi ein sjeldan gong er på butikken på ein laurdag vel han seg ut smågodt. Så lenge det kun var tre snop i posen slo den ikkje ein gong ut på vekta da vi skulle betale. Men no fyller han snart fem år - og vi har begynt med fem snop. Dette var det han plukka seg ut den laurdagen han og pappaen var på kino. Han vel med hjartet - ikkje etter størrelsen på snopen. Hadde eg fått fem snop hadde eg nok valgt fem STORE. Ikkje ei lita bønne slik som han velger. Men det er jo slike ting som får eit mammahjarte til å svulme:)

Også er det lillesøster da. Som kun er to og eit halvt. Her må eg innrømme at ho får tre snop. Ho har ikkje fått plukka sjølv enda - vi har snop heime som vi tar av. Ho er storfornøyd med tre. Enn så lenge:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...