torsdag 2. mai 2013

Om å kjenne sin eigen kropp

Eg sitter meir eller midre i ro heile dagen på kontor, så når ettermiddagen kjem vil eg bevege meg! Etter nærmare eit år som aktiv medlem på sats har eg merka at eg liker å kjenne at eg kan bruke kroppen min. Eg liker at eg kan presse meg sjølv ganske så hardt - berre fordi eg kan! (dette henger litt saman med influensa x3 i vinter der eg ikkje klarte å snu meg i senga ein gong) Eg fikk kjenne at eg hadde ein kropp i går også, da eg trilla ned trappa. Derfor kjenner eg at eg har ein kropp i dag. Vondt i hender og rygg og føtter og eg veit ikkje kva! Heldigvis klarte eg å slippe handa til lillesøster før eg drog ho med meg. "Jeg kan holde deg i handa jeg mamma slik at du ikke detter mere" - søtaste:)
Heimelage kort til ein 61-årsjubilant. Har absolutt ingenting med dette å gjøre bortsett frå at ho har samme bilmerke som oss.
I dag er bilen på verkstad IGJEN, noko som betyr at eg må køyre forbi kontoret - gjennom Danmarksplass (Bergens mest trafikkerte vegkryss med ein luftkvalitet som gjør at ein blir anbefalt å holde seg innandørs i rushtida) og heilt opp på Minde for å levere bilen etter levering i barnehagen. Så hiver eg meg på medbrakt sykkel (vi har kjøpt sykkelstativ til bilen (måtte jo det med all denne verkstadstrafikken)) og sykler 20 minutter tilbake (og gjennom det berykta Danmarksplasskrysset utan gassmaske) for å komme på jobb. I dag var dette VONDT! Syte og klag! Eg liker å kjenne at eg har ein kropp - men det må da vere måte på!!

Etter endt arbeidstid (men ikkje heilt sidan mannen er opptatt i dag og eg må hente i barnehagen, og det tar 20 minutt tilbake til verkstaden, 10 minutt å få bilen tilbake, 5 minutt å montere sykkelen bakpå og 30 minutt å køyre gjennom samme forferdelige Danmarksplass og heim igjen - og da er barnehagen blitt stengt - så verkstad betyr også at eg må avspasere for å klare å komme meg heim i ok tid) er det samme historien på nytt med au og hump og eigentig ein ganske så deilig sykkeltur tilbake til verkstaden.

Og kva gjør eg i ettermiddag? Jo - Cycling Endurance Puls i 75 min. Berre fordi eg KAN!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...