tirsdag 25. juni 2013

Tur til Florø og Kinn

Eg og ungane hadde oval weekend med tur til Florø og Kinn. Mannen var heime og rydda hus og pussa yttervegg. Vi reiste med båt begge vegar og eg hadde tatt med fleire sitte-stille-hjelpemiddel, mellom anna utskrivne teikneark med båtar på. Vi trengte ikkje så mykje på fredagsturen - de hadde leikerom og det var få andre unger på båten så tida gjekk fort. Da var det ei anna historie på veg heim i går. Full båt og dårleg plass førte til at ungane vart sittande på plassane sine heile turen. Da var det godt med klistrebøker, nettbrett og nintendo! Flytur til varme land? Bring it on!
På laurdag var vi i 2-årsdag til tante- og søskenbarn i Florø. Mykje god mat, nydleg bursdagsjente og godt seleskap. Eg får verkleg prate meir når vi er to voksne foreldre på mine/våre to barn - men det var uansett kjekt å få med seg ein bursdagsfest!
På søndag reiste vi til Kinn for å sjå Kinnaspelet. Her er lillesøster pynta med blomar i håret medan vi venta på båt nummer to. Været på øya var varmt og deilig og nesten vindstille.
Mormor og tre av fem barnebarn på veg til lunchstrand med fabelaktig utsikt!
Storebror luncher med mektige Kinnaklova i bakgrunnen. Mens vi var her kom det ei byge (slik at vi fikk brukt regnklæra som eg hadde drassa med meg over fylkesgrensa) som heldigvis ikkje varte resten av dagen.
I år var det ny regissør på Kinnaspelet (som vart vist første gong i 1985), og mykje var forandra - men framleis kraftfult. Her kjem vikingane - eit høgdepunkt med mykje skrik og skrål!
Vi hadde gode sitteplassar, og medan spelet gjekk slutta det å regne og sola kom fram - hurra! Storebror og lillesøster var heilt fengsla (utanom under eit stille parti mot slutten da også mor begynte å studere skyene og pirke på stolen).
Etter lunch, spel og is vandra vi tilbake til kaia for å ta båten heim til Florø igjen. Mormor og storebror.
Fantastisk natur over alt! Vi var heime 17.30 - middag eit bad og rett i seng. Vel heime igjen i Bergen i går - måndag - til reint hus og eit bad som hadde fått tre lag med støyp på golvet, og minst fire strøk med ulik grunning på veggane. I dag begynner flisearbeidet; vi er på arbeidsdag 6 av 12.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...