Avspaseringa i går var himmelsk! Det var strålande vær, og over 20 varmegrader i sola hos oss, så kl.09:30 snørte eg på meg joggeskoene for å jogge ein tur i varmen. Men sola var så låg at det meste av runden var i skygge - og der var det sikkert rundt 5 grader. Hausten er her - den er nydleg - men eg trur ikkje at eg skal jogge ute før våren kjem igjen. Med treninga unnagjort rett etter frukost hadde eg god tid til å vaske hus, bad og klær - og ikkje minst sjå TV! Eg gler meg alt til neste avspaseringsdag!
I dag er vi knapt heimom før barnevakten kjem og vi skal til byn på eit arrangement med banken vår. Kjedelig? Kanskje, men det heile blir avslutta med "Christine Hope roer seg kraftig ned" som har fått knallgode kritikkar, gøy! I morgon planleggjer vi fjelltur, og på søndag skal vi på Akvariet. Etter ei roleg helg sist helg er vi klare for ei aktiv helg no:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!