mandag 7. oktober 2013

Ein dårleg start på veka

I dag har vore ein slik dag ein lagar TV-episoder om. Eg trur nok arbeidsdagen min har vore ei episode i "The Office" for å seie det slik. Ting har gått galt, og på ein og samme dag får du vite om det - det eine etter det andre. Og det du ikkje får vite om på mail og telefon får du vite om gjennom offentlige kanaler - og du opplever at både du og arbeidsplassen din er misforstått, feilsitert og svartmala.

Da er det FANTASTISK KOSLEG at også mykje har gått bra! Og at det har gått så bra at nokon tar seg tid til å kjøpe ei langstilka raud rose og komme innom kontoret ditt for å gje deg rosa og ein klem - fordi personen meiner du gjør ein god jobb.

I kveld blir knallhard kondisjonstrening bytta ut med yoga.

Pust inn.




Pust ut.

2 kommentarer:

  1. Litt klisjèaktig men det er mye sant i at; ikke alle dager er gode, men det er noe godt i alle dager... Håper du har funnet igjen balansen og husk å puste med magen;)

    SvarSlett
  2. Ja, det stemmer absolutt! Yoga var akkurat det eg trengte i går, og livsgleden er tilbake:) Ønskjer deg ein strålande dag!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...