tirsdag 8. oktober 2013

Yogalicious

Gulerot, heimelaga knekkebrød og yoghurt naturell med frø og rips.
I går kveld trossa eg hodepine og eit behov for å ligge på sofaen og sjå Jakten på Kjærligheten for å gå på BodyBalance på Sats - yoga, tai chi og pilates. Eit halvmørkt rom, levande lys, roleg musikk, og ein instruktør som alltid høyres ut som om ho er forskjøla. Trening frå 20-21 er seint og kjennes ofte ekstra tøft - men denne type trening er midt i blinken. Med 10 minutters avspenning på slutten ("No må dere ikke la noen stjele tiden deres. Dere er her. Nå.") er eg umiddelbart klar for senga.
Perfekt etteryogamat!
Første gong eg prøvde yoga var i 2002. Eg var student og var godt i gang med bachelor på universitetet og studentteater, pizzabunnbakejobb og fagutvalgsrepresentant. Eg var high på livet, nye bekjentskaper og frihet. Som student får ein masse billig og masse gratis - så dette var ein prøvetime på Bergen Internasjonale Kultursenter. Her stod eg i Kamelen, Krigeren, og downward facing dog og vart trøttare og trøttare. Eg var tilbake på hybelen kl.18:00, gjekk rett i seng og sov til neste dag. Yoga har framleis denne effekten på meg, så i natt kjennes det som om eg har vore i koma. Det tar lang tid å vokne, men når eg først har gjort det er eg veldig utkvilt - deilig!
I dag var mykje av arbeidsdagen bytta ut med kunstutstilling i byn. Skuldrane er på plass igjen og alle har lært noko.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...