onsdag 9. oktober 2013

Vi maler tak

Vi har ei bratt trapp ned til utgangsdør, barnerom, vaskerom, bod og verkstad.
Da vi såg de første bileta av det som no er huset vårt var det to ting som flaug gjennom hovudet vårt.

1) Vi MÅ pusse opp badet umiddelbart!
2) Vi MÅ male de mørke takene - særleg i stua.
Mannen bygde stilas i trappa slik at taket kunne bli malt.
I salg-og-kjøp-prosessen i januar 2010 gjekk det meste av sparepengar med. Påfølgjande permisjon (med missforstått utbetaling frå nav) gjorde at badet måtte fungere som det var. Det var jo - så vidt vi viste - tett, og da fikk det vere ok. I sommar pussa vi opp badet - vi la også nye rør-i-rør-system i heile huset (med opplegg til nok eit bad i kjellaren). I vår fikk vi nytt elektrisk annlegg (ny induksjonskomfyr som måtte ha større sikring - ting ballar på seg), vi instalerte radonutsug og seriekobla brannvarslere (kjøpt frå samme firma som leverer til Haukeland Universitetssjukehus).

SIKKERHET!!!
Det lønner seg å vere gft med ein handyman:)
Når eg seier "fikk" og "vi pussa opp" så er jo det berre tull og fanteri - vi har betalt folk for å gjøre alt for oss. Med kun eit bad begynner ein ikkje å hakke laus 10 cm med gammal sement for å seie det slik... Fagfolk er verdt å betale for!

Men å male tak - DET KAN VI GJØRE SJØLVE! *klapp på skulderen
To lag med grunning og eit lag med takmaling for panel. Å male tak er eit herk, men akkurat dette lille taket i over trappa og gangen hadde så pass små flater at det var forholdsvis enkelt å få det jamnt. Mannen malte i trappa, og eg tok delen inn mot bad og kjøkken. Det var best å male i trappa medan det enda var lys ute. No som vi hadde stilas i trappa nytta vi også høvet til å vaske vindauget på innsida (for første gong!), og skru ned den lille gardinstanga. Her vil eg ikkje ha gardiner - men mest mogleg lys! Det var to lyspunkt her. Vi bytta ut den stygge kuppelen i gangen med den hengande stuelampa som vi kjøpte og hang opp da vi flytta inn og hadde TV-krok på andre sida av stua. Til stua kjøpte vi ei ny taklampe med meir lys, og som ikkje henger ned slik at mannen stanger opp i den.

Lillesøster elsker det nye lyset - her prøver ho å få tak i det:)
Som de ser er stuetaket framleis mørkt. Men sidan vi har ganske lyst interiør og det er mange vindauger der, og no ny lampe synas eg ikkje lenger det gjør noko. Taket er verkelg fint og av god kvalitet - takplater blir ikkje like fint, og å male dette store taket trur eg er uaktuelt. Det har vokst på meg, og eg liker det eigentlig betre og betre!
Denne lampa er kjøpt på ein lokal lampebutikk.
De som eigde huset før (og som bygde det i si tid) hadde lyskupler over alt! No har vi bytta ut de to som var i gangen vi mala sist veke. Og no er gangen så mykje lysare! Det hjalp verkleg med kvitt tak og nye lamper der ute! No er det få dagar til lønn igjen, og da ønskjer vi å skifte ut nok ei lampe - denne gongen i hallen i kjellaren. Godt lys er kjekt!
Sjå dette lille kunstverket! Alt for dyr - men så fin at eg berre måtte kjøpe den! Denne henger i gangen mellom bad - kjøkken - og soverom, og lyser godt opp eit område som ikkje har noko naturleg lys. "Krystallene" gjør at det blir litt mønster på veggane, noko eg ikkje liker så veldig godt enda - men som stadig imponerer begge ungane! "Se mamma! Dråpeformer på døra!" Denne er kjøpt på Bohus.
Slik ser det ut med kvitt tak og ny, hengande lampe i trappeoppgangen! Vi er verkleg fornøyde!
Eg er så glad i denne lampa vi kjøpte medan lillesøster framleis låg i magen! Den er også kjøpt på ein lokal lysbutikk. Vi har vurdert å selgje den, men eg er glad vi bestemte at den skulle henge her i trappa. No er det ingen som dunker oppi den lenger heller :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...