fredag 11. oktober 2013

Ny kjøkkenmaskin, og bananbrød

Eg har lenge hatt lyst på ei enkel kjøkkenmaskin som kan jobbe utan at eg må holde vispen, og som er så liten at eg gidder å ta den fram når vi skal lage noko lite - som ein enkel bolledeig. Denne var på tilbod på coop, så vi handla den med oss heim og bakte bananbrød samme dag.
Enkel i bruk, men fy kor den bråker! Derfor har eg faktisk ikkje brukt den igjen. Den har nokre hakk rundt som den skal bruke for å klare å komme seg rundt, og det verkar som om den ikkje treffer skikkelig på hakkene, så det blir ein slags dunkdunkdunk-lyd.
Saftig bananbrød - nam! I dag vanta det kake på jobb også; frå sjefen som synes eg hadde vore ute i hardt vær denne veka, og derfor fortjente vi alle kake i lunchen. Veldig hyggleg! Stormen har no roa seg - og oppryddinga er unnagjort.

God helg:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...