onsdag 5. februar 2014

Klare sjølv!

Sjølv om målet vårt er å få fram sjølvhjulpne, reflekterte og sympatiske medlemmer av samfunnet er det ikkje alltid det kjennes like ok å la de gjøre alt sjølv. Dette kjennes på ein onsdagskveld midt på vinteren eigentelg litt ikkje ok. Storebror sin første tanke på kjøkkenet er faktisk å gjøre det sjølv. Dette fører til (frå ein sliten mamma sitt synspunkt) at han flyr mykje til og frå kjøkkenbordet. Han er ofte så opptatt med å prate at han gløymer å spise, og når ein kombinerer dette med hentepauser tar måltidet uhorveleg lang tid!
Andre gonger er det verkleg ingen problem. Det er de gongane det er helg, når vi er utkvilte, er shlækkis av typen "jada, ta den tida du trenger!", og ikkje er så stressa med å få kveldsmaten unnagjort slik at vi kan begynne å får de på badet slik at vi kan lese for de slik at de kan leggje seg slik at vi kan lage nistemat til i morgon slik at vi får laga oss kveldsmat sidan det faktisk er fem timar sidan middag og i mellomtida har vi jo vore på sats og forbrent sekshundre kalloriar og vi omsider kan settje oss i sofaen å sjå TV ein time før vi knapt klarer å holde augene oppe og berre MÅ i seng sjølv om klokka knapt er halv ti.

Ok da. Her er "vi" "eg". Mannen trener ikkje på sats, men istaden for å kollapse i sofaen går han ned i den iskalde kjellaren og studerer i tre timar. Eg bøyer meg i støvet!
Bileta er frå ein kveld i romjula. God tid. Storebror brukte tjue minutter på å lage to skiver med pålegg. Ingen problem. Det såg veldig godt ut også! Ein gong skal han få lage lunch til alle saman, for heilt ærleg - han er veldig flink på kjøkkenet! Han har berre betre tid enn oss andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...