lørdag 29. mars 2014

Bursdagsgut!

Ikkje eige nettbrett enda - neida - han skal få ny sykkel i gåve av oss:)
I dag må det TO HENDER til for å vise kor gammal han er! Seks år - det er MYKJE! Vi har planlagt bursdagsfeiring lenge, og jobba heile veka for å få alt klart til i dag! Spidermankake, gele i mengder, brus, pølser i brød, snopeposar og leikar. 11 unger og glade lydar! Heldigvis er det sol i dag, så vi vurderer om vi skal ha oss ein tur ut i hagen med alle gjestane for å springe av oss litt energi.

Bileter frå dagen kjem ein anna gong. I dag nyter vi dagen og den flotte guten vår!

1 kommentar:

  1. Gratulerer så masse med overstått til gutten din, to hender - det er stort det:)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...