tirsdag 22. april 2014

Noko så inni gampen med påskeferie!

De må tru vi har tatt påskeferien med den aller største seriøsitet i år! Eg har ikkje ofra kvardagslivet sine utfordringar med ein tanke - berre susa rundt!

Tre knalldager i Kongsberg med gode venner til alle fire; mengder av god mat, påskesnop og god drikke slik at det berre vart umogleg å leggje seg å sove! Ungane la seg forsåvidt i normal tid (om ein tenkjer at halvanna time slingringsmonn er "normalt"), men lillesøster var voken og klar for ny dag før klokka var 6 KVAR EINASTE DAG! Det er ein dårleg kombinasjon når vi over 18 hadde tumla oss i seng seinare enn vi har gjort det siste året. Men vi utnytta dagane skikkelig; og det er av og til viktigare enn søvn!

Vel heime i solbyen Bergen hadde vi nydlege fjellturar (med kun litt og av og til ein del sutring frå lillesøster og/eller meg) både 1. og 2. påskedag. Vi hadde med oss det gamle kompaktkameraet på tur, i staden for å drasse med oss speilreflekskameraet, så mange turbileter er på veg :)

Da vi skulle starte på nytt med jobb, skule og barnehage i dag var ingenting klart. Det heile toppa seg da eg skulle logge med på dataen på jobb, og hadde heilt gløymt passordet! Litt flaut å ringe IKT helpdesk og mumle noko om påskeferie, sjokolade og gløymte passord. Eg får tru eg ikkje var den einaste. Også tenkjer eg at når eg klarer å gløyme passordet på seks dagar har eg verkleg kobla av - og det trengte eg nok.

Håper også din første dag i "the real world" er/blir god! No skal vi nyte det som er igjen av sola før kvelden kjem :)

1 kommentar:

  1. Høres ut som en perfekt påske og en helt nødvendig avkobling.

    Takk for koselig hilsen på bloggen min.

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...