lørdag 16. august 2014

Varme og museum i Stavanger

Siste helga på ferietur hadde vi i Stavanger. Vi skulle eigentlig til Mikkelparken, men så var det meldt regn - også var vi to voksne ganske ferdig med parklivet etter to dagar i dyreparken. Vi avbestilte hytta vår i Kinsarvik og bestilte heller to netter på firestjerners luksus i Stavanger!

Rica Forum Hotel - Noregs høgaste hotell!
No viste det seg at firestjerners luksus ikkje oppleves som det når det er 33 varmegrader på rommet. Vi fikk ein flott juniorsuite i 15.etasje med vindauger over heile! Utsikta var upåklagleg, men det var så varmt, så varmt!
Søndag i Stavanger, post Gladmatfestivalen, og ein stille by. Hotellet låg eit steinkast unna Stavanger Kunstmuseum, og de hadde eige opplegg for barn på søndagar! Vi spaserte dit og fikk både aleinetid ein og ein voksen i museumet medan ungane fikk ein flink kunstpedagog heilt for seg sjølve! De lagde snurrebassar med masse farger på - veldig kjekt!

Etterpå vart ungane med rundt, og sidan vi hadde sett kvar for oss tok vi de med til våre favorittar - det er kanskje betre å sjå tre ting skikkelig enn 90 ting i ein fart? Eg er skuggefanatisk, og digga dette verket som storebror ser på her. Ei plate med sterkt lys, også får du den skuggen! Magisk!

Denne likte eg også! På dette tidspunktet hadde mannen og lillesøster gått ut, men eg og storebror tok oss god tid - heilt aleine i kalde, gode rom - og fikk diskutert vinklar, lys, farge og komposisjon. Eg digger den ungen!
Etter MYKJE fram og tilbake kom vi oss til sentrum av Stavanger, og fikk sjå svaner med svanebabyer! Eg har aldri sett "ein stygg andunge" før og vart storveis imponert og fasinert!

Resten av søndagen tok vi på Norsk Barnemuseum - her kunne vi ha vore kjempelenge, men alt stengte kl.16:00. Da var det berre å komme seg tilbake til hotellet for å spele yatzi i fellesområdene (som hadde aircondition) før vi pusta djupt inn og gjekk inn på rommet for å ta kvelden. Den natta sov vi nesten litt sidan vi lot det eine vindauget som kunne opnast stå opent, samt at vi hadde på den lille vifta. Men kl.02:14 gjekk brannalarmen, og du kan tenkje deg forvirringa og skrekken som kjem når vi ligger i 15.etasje med to små unger! Lang historie kort - det var falsk alarm, og i ettertid har eg klaga til hotellet som har lagt deg heilt flat på alle punkt (også varmen). Vi har fått ei gratis natt som plaster på såret - så det blir kanskje Stavangertur på nytt? Hotellet var i alle fall flott, men oppholdet var ubehagelig.
Nydleg frukost i 21.etasje! I aircondition! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...