torsdag 4. september 2014

Halvmaratontankekvern

Heile tida. Verkleg heile tida tenkjer eg på laurdag. Så mykje at eg alt er skikkelig lei. Ingenting hadde vore betre enn at eg no kunne ta på meg treningstøyet og bli ferdig med de 21.097,5 meterane slik at eg

SLAPP Å TENKJE PÅ DET!


Ein kan samanlikne det med ein eksamen. Eg har jobba jamnt og trutt og veit eg er klar. Men samtidig har eg ikkje gjort dette før - heller ikkje jogga så langt. Korleis vil dagsformen min vere? Og har det verkleg noko å seie? Eg veit at eg kjem til å komme meg igjennom det, for eg har gått lengre turar enn 21 km, og utan den opptreninga eg har no. Men likevel så kvernar det. Kva om. Korleis. Kva om. Kva om. Kva om.

ARG!
Ser du at dette er Spiderman? Det gjør eg :)

2 kommentarer:

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...