søndag 7. september 2014

Rabarbrasyltetøy

For to år sidan fikk eg nokre stilkar rabarbra som vi planta i hagen. I fjor hausta vi nokre stenger, og håper var at vi i år skulle drukne i syrlege stenger. Men det vart med tanken - for rabarbraen hadde iløpet av vinteren forsvunnet frå hagen (evt drukna i ugras). Eg klaga min naud ovenfor kollegaen som eg fikk avleggaren av i si tid, og dagen etter kom ho på jobb med ein heil bærepose full av stenger frå planten sin! Hausta, utan røtter - til bruk!

Eg hakka de opp før eg oppdaga at komfyren vår hadde tatt kvelden. Derfor måtte eg fryse de i ein månad (måtte ikkje det altså, men tida går) før eg kunne lage syltetøy av de.
1 kg rabarbra, 300 gr sukker og 1 dl vatn. Kok til kokt og hell på reine og varme glass. Mmmmmm!

No har eg fått to avleggarar av mamma som eg har planta på to ulike stader i hagen. På nytt krysser vi fingrane for at vi kan hauste i mengder i 2015!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...