torsdag 5. februar 2015

Nyttårsforsett

"Korleis går det med nyttårsforsettet?" skreiv ein kollega på facebooksida si, og linka til påmeldingssida til Bergen City Marathon.

Halvmaraton har eg alt gjennomført, så det er ikkje nyttårsforsettet mitt i år. I år var nyttårsforsettet mitt å ikkje gå inn på vg eller dagbladet på nett. No er vi alt nokre dagar uti februar, og eg har ikkje gidda å gå inn på de nettsidene enda.

I begynnelsen var det litt vanskelig, og eg drøymde til og med at eg gløymte forsettet og gjekk inn på ein av sidene! Men etter rundt 10 dagar gjekk det over, og eg har nesten gløymt at sidene eksisterar. Nesten gløymt. Folk delar artikklar på facebook, så det er fort gjort å gå på ein smell. Og det er umogleg å gløyme, sjølv om eg nok hadde gjort det om eg ikkje var på facebook heller.
Lysøen. Frå båttur i fjor sommar.
No skulle eg vurdere om eg skulle vidareføre det. Pro's and con's.

Eg har ikkje tenkt på terror. ("Norge er nytt terrormål") Eg har ikkje vore redd for at hovedverken er blodpropp i hjernen. ("Mari fikk vondt i hodet. 12 timer senere var hun død") Eg har (nesten) ikkje vore redd for at ungane kom til å bli alvorleg skada i barnehage og på skulen. ("Gutt (4) hang i et tre i en halv time før en voksen i barnehagen såg han") Eg har ikkje grua meg til våren ("Nå kommer snart mordersnegelen/de infiserte flåttene/en ny type livsfarlig edderkopp")

Dette er realiteten. Men kva hjelper det at eg igjen og igjen blir minna på all grusomheta? Alt som KAN skje? Eg har nok å bekymre meg over om eg ønskjer det - utan at vg eller dagbladet skal gje meg fem andre ting som eg ikkje ein gong har tenkt på at eg kunne bekymre meg for. Eg bruker ikkje å tenkje over alle "kva om", men eg merka de siste månadane av 2014 at det vart fleire og fleire slike tankar. No, etter ein månad med vg og dagbladet-fri, tenkjer eg knapt nok "kva om". Og gjør eg det er det for konkrete tilfeller. Som "kva om sykkelkjeda til mannen ryker igjen, og maten ikkje kjem på bordet før kl.16:30 og vi må vere ute av døra kl.17:00". Slike bekymringar kan eg leve med. Ikkje konstant påminning om alt det skikkelig forferdelige som KAN skje.

Konklusjon? Eg utvider nyttårsforsettet mitt med ein månad til.

2 kommentarer:

  1. Haha... alle burde egentlig slutte å lese så mye på VG og Dagbladet :p
    Men må innrømme at jeg er innom alt for ofte... Vi abonnerer på Aftenposten da, så der kan jeg jo lese litt mer fornuftige saker.

    SvarSlett
  2. Aftenposten ligger som plan B om eg fikk abstinensar av forsettet. Det har jo gått så bra at eg ikkje har vore innom AP enda :) Men bt.no har blitt brukt hyppigare!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...