torsdag 11. juni 2015

Værskifte

Endelig er det i alle fall ikkje regn. Som ein kollega sa det i dag "Det seier litt når vi opplever DETTE som fint vær!". Det er så sant! Møkkavær! Men i dag er det altså skyer uten regn. Litt masse vind og under 10 grader - men vi tar det vi får.
Det er meldt fint vær i helga, så vi har lagt planer som inneheld fjellturar og trampolineoppsetting. Eg har blitt så inspirert at eg har meldt meg på eit 10km-løp i dag, og har nokre hemmlege fjellplanar som eg håpar mannen er med på for sommarsesongen. Storebror skal spele sin siste fotballkamp i serien i dag; kanskje for alltid. Han er eit heilt prosjekt å få utav dørene kvar gong det er trening eller kamp; så etter sommaren skal han ha ei fotballpause. Vi må vere ute i dag altså - det regner jo ikkje!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...